Etter å ha teke sal-, service- og samferdsel på vidaregåande fekk ikkje Sandra Mariel Hollevik læreplass i heimbygda.

Camilla Skjær Brugrand, Porten.no
Camilla Skjær Brugrand, Porten.no

Saka var først publisert i Porten.no.

Lærling Sandra Mariel Hollevik er ein av dei fire tilsette som torsdag hadde sin første arbeidsdag på den nyopna møbelbutikken i Øvre Årdal. 

Ein ny rapport frå Riksrevisjonen viser at berre 68 prosent av søkjarane fekk læreplass i 2015.

Elevorganisasjonen fryktar no at lærlingsvikt kan gje mangel på fagarbeidarar.

– Vanskeleg å få lærlingplass
Det er eitt år sidan at Hollevik var ferdig med den faglege delen av utdanninga si på sal-, service- og samferdsellinja på Årdal Vidaregåande skule. Sidan den gong har ho oppsøkt bedrifter i kommunen i håp om å skaffa seg lærlingsplass. 

– Det har vore veldig vanskeleg å få lærlingplass. Eg har gått å spurd mange plassar, men det har ikkje vore nokon moglegheiter, før no, seier ho. 

I tida etter skulegangen, fekk ho seg jobb på Hydro og deretter i klesbutikk. Då ho høyrde nyheita om at Fagmøbler skulle starta opp i Årdal, bestemte ho seg for å søkje på ei fast stilling som seljar i butikken. 

LES OGSÅ: Dette ser arbeidsgjevarane på når du søkjer læreplass

Tilbod om lærlingplass
– Eg trudde ikkje dei var interessert i å ta inn lærlingar då eg søkte på jobben, men under jobbintervjuet fekk eg tilbod om nettopp det. Sjølvsagt ville eg ha lærlingplass, fortel Hollevik. 

Ho var fast bestemt på at ho ikkje ville flytte frå bygda og leite etter lærlingplassar andre stader i landet. 

– Endeleg var lærlingplass i boks og eg fekk det jammen med i Årdal også, avsluttar ho. 

Les heile saka i Porten.no.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE