Politisk korrekte FrP for folk flest

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik har Frp endra argument

FrP-politikarar som sit i regjeringa argumenterer meir moderat overfor innvandrarar enn sine partifellar i opposisjon, ifølgje i ein artikkel publisert i tidsskriftet Agora.

Det reiser spørsmål om kva FrPs innvandringspolitiske linje framover vil verte, skriv forskarane Katrine Fangen og Mari N. Vaage i artikkelen.

Konflikt i partiet
Innvandring er ei fanesak for FrP, som sidan 80-talet har argumentert for ein streng innvandringspolitikk. Ikkje sjeldan smykkar partiet seg med sitt mot til å «snakke frå levra», ifølgje studien.

Men etter at FrP kom i regjering har mistanken vakse: har partiet for folk flest blitt meir politisk korrekte? Og kva for FrP-politikarar representerer eigentleg partiets syn?

FrP-veteran Arne Sortevik har til dømes langa ut mot partiet, og spør på si eiga Facebook-side om FrP-sjela er lagt ut for sal. Fangen og Vaage peikar også på at partifelle Christian Tybring-Gjedde har bede om å bli fristilt i saker som går på tvers av samvitet hans.

LES OGSÅ: «Det kunne vore oss!»

I nokre av FrPs veljarkrinsar har han ifølgje forskarane vunne kred som «ekte», fordi han ikkje vil la seg presse til å endre standpunkt i innvandringsspørsmål.

Justisminister og FrP-ar Anders Anundsen har på si side freista å skilje mellom kva FrP står for i regjering, og kva partiet eigentleg står for.

Meir nyanserte i posisjon
Forskarane Fangen og Vaage har analysert innlegg i stortingsdebattar, partiprogram, partiinterne rapportar, og utsegn i media og på seminar.

Målet har vore å undersøke retorikken til FrP i posisjon og FrP i opposisjon. Forskarane meiner å finne fleire skilnadar:

– FrP i posisjon er jamt over meir nyanserte, medan enkelte FrP-politikarar i opposisjon nyttar devaluerande generaliseringar av innvandrarar, skriv dei.

Til dømes skildrar mange FrP-politikarar i opposisjon islam som ein trugsel «vi» må verne oss mot. Det er ikkje bestemte grupper eller religiøse praksisar, men heile islam og muslimar generelt, som vert omtala på ein negativ måte.

Som døme peikar forskarane på Siv Jensens bruk av «snikislamisering» før ho kom i regjering og korleis Christian Tybring-Gjedde i ein tale på FrPs landsmøte i 2011 kopla islam til manglande respekt for fridom, utan å poengtere om det er bestemte grupper, som radikale islamistiske, han ikkje tolererer.

– Ofte antar ein at muslimar skjuler sine eigentlege hensikter, som på sikt er å overta det kulturelle hegemoniet, skriv forskarane.

Til skilnad har forskarar funne at det i Danmark ikkje lenger er religionar i seg sjølv som ikkje vert tolerert, men heller spesifikke praksisformer, verdiar og identitetar.

Dette skil seg frå FrP-politikarar som har kome i posisjon, skriv forskarane, sjølv om også nokre av desse meiner islam er ein trugsel.

«Felles for politikerne i posisjon, er at de poengterer at det er radikal islam dei er imot», skriv forskarane.

Mot diskriminering eller innvandring
Andre funn i artikkelen er:

► Opposisjonspolitikarane meiner ein liberal innvandringspolitikk er årsaka til rasisme.  FrP i opposisjon er dermed for ein strengare politikk, særleg for ikkje-vestlege og muslimske innvandrarar. FrP-politikarar i posisjon legg heller vekt på innvandrarane si manglande evne til å integrere seg sjølv. Posisjonspolitikarane ser heller ei betring av diskrimineringslovgjeving og integreringspolitikken som løysinga.

► Opposisjonen meiner ansvaret ligg hjå den førre regjeringa, særleg Arbeidarpartiet. Enkelte FrP-politikarar i posisjon vil heller syne at AP-regjeringa også forsvarte ein restriktiv politikk.

Kva linje skal FrP velje?
Forskarane oppsummerer med at argumentasjonen i til FrP-arar i posisjon er mindre prega av distansering. Dette meiner dei reiser spørsmål om kvar partiet eigentleg står i innvandringssaka.

LES OGSÅ: Åtvarar mot asylinnstramming for familiar

«Skal ståstedet defineres av «uromomentene» som fronter partiets rett til å snakke «rett fra levra» og «på vegne av folk flest»?» eller av ein meir moderat retorikk, spør dei.

Eit anna alternativ er å halde fram med å freiste å skilje mellom FrP i posisjon og opposisjon, slik justisministeren gjer. Dette kan vere eit forsøk på å halde på veljarar sjølv om politikarane i posisjon må moderere seg, skriv forskarane.

Må gjere veival
Fangen og Vaage meiner FrP står overfor nokre viktige vegval i tida som kjem. Dei peikar på at partiet har tapt oppslutning etter at dei kom i regjering, trass i hendingar som kunne tenkjast å føre til meir støtte for partiet, som terroråtaka i Paris og IS framferd i Irak, Syria og Libya.

«Filtreringseffekt», kallar forskarane det, når høgrepopulistiske parti tonar ned sin radikale agenda i politiske koalisjonar med meir meir moderate parti. Mange trur at når politikarar i slike parti må utøve ansvarleg politikk, vil dei interne konfliktane eskalere.

«Når det gjelder FrP, ser vi at de både har nedtonet sin radikale agenda, samtidig har partiet ønsket å poengtere at de har fulgt opp sine ønsker om innskjerping av asylpolitikken», skriv forskarane.

LES OGSÅ: Kraftig fall i asylsøkjarar til Noreg

Studien var publisert i 2014. Sidan den gongen har debatten om FrPs innvandringsretorikk rulla vidare. Til dømes vekte det reaksjonar då innvandringsminister Sylvi Listhaug sa at flyktningar ikkje kan vente å bli boren inn i landet på gullstol.

Saka er blitt oppdatert.

Faktaboks

Kjelde: Katrine Fangen og Mari N. Vaage (2014): «FrP-politikeres innvandringsretorikk i posisjon og opposisjon».