Står på krava for ny vestlandshøgskule

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag var det nye møte i samband med fusjonsforhandlingane mellom høgskulane i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane. I sitt styremøte kom HiSF med nye, tydelege krav for å forhindre mellom anna at det hopar seg opp med sjefar i Bergen. Det førebelse avtaleutkastet har nemleg møtt kritikk mellom anna fordi plattforma ikkje har sagt noko om kvar mesteparten av sjefane skal sitje, skriv NRK.

Les også:Vestlandshøgskulen blir nynorsk

Høgskulestyret i Sogn og Fjordane peika under møtet på at det i det vidare fusjonsarbeidet blir teke omsyn til at det ikkje skal hope seg opp med leiarar i ein nærregion. Andre krav er at avtalen må innebere tydelege formuleringar på korleis ein skal sikre ei fullverdig lærarutdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og at dei har Vestlandshøgskulen som sitt fyrsteprioriterte namn på den nye institusjonen.

Les også:Høgskulen i Sogn og Fjordane takkar nei til Volda

I forhandlingane mellom høgskulane har det vore usemje om kva den nye skulen skal heite. Bergensmiljøet har ivra for Høgskulen i Vest, Høgskulen Vest eller Høgskulen i Vest-Noreg.

25. mai skal forhandlingsdelegasjonane frå dei tre høgskulane møtast i Bergen for å bli samde om ein endeleg avtale, som dei tre høgskulestyra skal ta endeleg stilling til 9. juni.