Ei ny undersøking viser at eit fleirtal av nordmenn er for aktiv dødshjelp under visse vilkår.

NPK-NTB
NPK-NTB

Norwegian Bioethics Attitude Survey måler nordmenns haldningar til ulike bioetiske problemstillingar, skriv Fritanke.

I undersøkinga seier 73 prosent at dei er svært eller litt einige i påstanden «Legeassistert sjølvmord bør tillatast for personar som har ein dødeleg sjukdom med kort forventa levetid». 20 prosent seier dei er svært eller litt ueinige.

LES OGSÅ: Facebook er den nye valplakaten

For ei gruppe i undersøkinga var påstanden utdjupa til denne formuleringa: «Ein pasient er døyande med store smerter. Kor einig eller ueinig er du i at ein lege, etter grundig drøfting, då skal ha lov til å skrive ut ein dødeleg dose medisin som pasienten sjølv kan velje å ta for å unngå store lidingar, dersom pasienten sjølv ber om det?»

Gruppa som fekk uttale seg om denne formuleringa, var meir positive til aktiv dødshjelp. 78,5 valde eitt av dei positive svaralternativa.

Rundt halvparten svarte at dei støttar aktiv dødshjelp også for personar som er «ulækjeleg sjuke, men ikkje døyande». Dersom den tenkte personen er psykisk sjuk eller «livstrøytt og ønskjer å døy», var fleirtalet imot aktiv dødshjelp.

LES OGSÅ: Samanliknar Jehovas vitne med surdeig

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE