Samanliknar Jehovas vitne med surdeig

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år blir tolv skular valde ut til å delta i Holbergprisen i skulen, som skal kåra det beste forskingsprosjektet i den vidaregåande skulen.

I år var 36 elevprosjekt med rundt 400 elevar frå heile landet med i juryvurderinga.

LES OGSÅ: Denne skulen har eige forskingshus

Venterom og surdeig
Årets finalistar er Frederik II videregående skole i Fredrikstad med prosjektet «Hvordan forstår ungdom begrepet hverdagsintegrering, og hvilke tanker har de om eget bidrag til hverdagsintegrering?», Randaberg videregående skole med prosjektet «Venteromskultur» og Stavanger katedralskole med «Når litt surdeig gjennomsyrer hele surdeigen. Ein studie av fellesskapet i Jehovas vitner».

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kunngjer kven som får 1., 2. og 3. prisen under prisutdelinga på Bergen katedralskole onsdag 8. juni. Forskingsprosjekta får pengepremiar på høvesvis 15.000, 10.000 og 5.000 kroner.

Holbergprisen i skulen deler kvart år også ut ein lærarpris på 15.000 kroner. Årets lærarpris går til Linda Romøren frå Randaberg vidaregåande skule med rapporten «Fra mythos til logos» (©NPK).

LES OGSÅ: Julie (17) lærer det framtida treng