Studentane melder seg på via Facebook, og får 20 minuttar med ein terapihund. Det roar eksamensnervane, skriv Studvest.
Det er ved Universitetet i Bergen at Studentparlamentet har leigd inn ein terapihund. I møte med hunden produserer kroppen velværehormonet Oksytocin, ifølgje Karen Valeur Flaten, som driv Bergen Terapihund og eig hunden Mie. Ho meiner ein pause frå lesing til å kose med terapihunden sit i kroppen i fleire dagar, og et opp det negative.
Studentane i samanliknande politikk som Studvest møter, meiner i alle fall at det koselege avbrekket har effekt:
– Vi slappar faktisk litt meir av no. Det er mykje meir hjelp i gå her enn å gå heim og sjå på TV i alle fall, seier Sigrun Vatsby til Studvest.
LES OGSÅ: Sjå direkte frå ørne- og hegrereiret!