Ikkje sidan 1993 har det kome så få asylsøkjarar på éin månad.

NPK-NTB
NPK-NTB

I årets fire første månader søkte 1.185 menneske asyl i Noreg, ifølgje tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI). I april kom det berre 209 asylsøkjarar, som er det lågaste talet på éin enkelt månad sidan 1993.

Til samanlikning kom det 2.252 asylsøkjarar til landet gjennom dei same fire månadene i fjor. Det betyr at det er ein nedgang på nesten 53 prosent i talet på asylsøkjarar hittil i år samanlikna med same periode i fjor.

Blant asylsøkjarane i år er det 62 prosent gutar eller menn. 121 asylsøkjarar har oppgitt at dei er einslege mindreårige. Nesten halvparten av desse er frå Afghanistan. Totalt er 36 prosent av asylsøkjarane i år under 18 år, men dei fleste er komne saman med familien.

Asylsøkjarane i år kjem frå 74 ulike land. Syrarar (200), afghanarar (186), eritrearar (96) og irakarar (95) er dei største enkeltgruppene. 46 av asylsøkjarane oppgav å vere statslause, ifølgje UDI.

LES OGSÅ: Åtvarar mot asylinnstramming for familiar

Totalt bur det no 25.271 asylsøkjarar på mottak i Noreg, av dei har 2.719 utreiseplikt. 16.300 har søknaden inne til behandling, medan vel 1.600 ventar på ankebehandling av avslag.

Talet på bebuarar på norske asylmottak har i år falle med omkring 1.200 per månad. Ved årsskiftet budde det over 30.000 på mottak over heile landet.

I Sverige har det komne 11.232 asylsøkjarar i år, rundt ti gonger så mange som Noreg har tatt imot. Danskane har til samanlikning mottatt rundt 2.200 ved utgangen av april. (©NPK)

LES OGSÅ: – Det kunne vore oss

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE