Vestlandshøgskulen blir nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er veldig glade for å ha fått gjennomslag for at ein så stor høgskule blir nynorskhøgskule. Eg trur det er viktig for nynorsken, seier rektor ved HiSF, Rasmus Stokke i ei pressemelding.

Forhandlingsutvalet møttest for siste gong i Bergen 3. mai for å fullføra fusjonsplattforma for Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane. No går avtalen til dei tre styra, som skal ta avgjerda om dei vil gå vidare med å byggje ein ny, stor høgskule på Vestlandet.

Vil bli universitet
Institusjonen får fem campus, og det skal vera utdanning på masternivå på alle studiestadane.

Vestlandshøgskulen håpar på å skapa nye og betre tilbod innanfor fag og undervisning enn institusjonane ville greidd kvar for seg.

Målet er å bli universitet.

– Dette understreker det høge ambisjonsnivået til den nye institusjonen, seier Stokke.

Rektor vil få hovudarbeidsplass i Bergen, med tre prorektorar for dei tidlegare høgskulane.

LES OGSÅ: Det språkpolitiske ansvaret til Høgskulen i Sogn og Fjordane