1 av 4 studentar sluttar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noreg kjem dårleg ut

Fleire studerer enn nokon gong tidlegare, men berre fire av ti studentar fullfører til planlagt tid.

Det kjem fram i tilstandsrapporten for høgare utdanning, skriv regjeringa på sine nettsider.

Der seier også kunnskapministeren at han er uroa for at så mange studentar fell frå og bruker for lang tid.

LES OGSÅ: Nesten ingen vil utdanne seg innan olje

– Høgare utdanning og forsking er nøkkelen for å klare den omstillinga vi står overfor og for å gjennomføre det grøne skiftet. Difor er regjeringa oppteken av at fleire studentar må fullføre sine studiar.

Fråfallet skjer i størst grad i dei første to semestera. 70 prosent av studentane som fell frå har teke 30 studiepoeng eller mindre.

Røe Isaksen peikar på at det er store skilnadar mellom ulike institusjonar og ulike studiar.

Kvinner er i fleirtal blant studentane, med kring 60 prosent. Også her er variasjonen mellom fagområda stor. I realfaglege og teknologiske retnigar er berre éin av tre studentar vinner, medan berre ein av fem er menn innan helse, sosial og idrett.

Delen kvinner vert lågare jo høgare opp ein kjem, og i 2015 var heile 70 prosent av professorane menn.

LES OGSÅ: Kjønnspoeng – også til menn