Her er dei første språkkommunane

– Blir viktige for ei samla satsing på språk, seier kunnskapsministeren.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utdanningsdirektoratet har no peika ut 27 kommunar og fylkeskommunar i rundt om i heile landet som skal ha status som språkkommunar.

Sogn og Fjordane og Troms er dei fylka som får flest slike språkkommunar, høvesvis fire og fem. Blant dei store er Oslo og Trondheim med. Elles er utvalet godt spreidd på små og store kommunar over heile landet.

Språkkommunane er ein del av satsinga Språkløyper – den nasjonale strategien for språk, lesing og skriving 2016– 2019. I alt 48 kommunar og 4 fylkeskommunar søkte om å få bli med på satsinga – der målet er å styrkje språkmiljøet i barnehagen og gjere elevane betre til å lese og skrive.

– Språkkommunane blir viktige for å få ei samla satsing på språk, lesing og skriving frå barna byrjar i barnehagen til dei går ut av vidaregåande skule, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Utdanningsdirektoratet har i utveljinga lagt vekt på at språkkommunane har klare mål for satsinga på språk, lesing og skriving i barnehagar, skular og vidaregåande skular. Regjeringa har sett av om lag 30 millionar kroner til opprettinga av språkkommunane i 2016.

Faktaboks

Fakta: Språkkommunane

* Sogn og Fjordane: Fjaler, Gulen, Hyllestad og Sogn og Fjordane fylkeskommune
* Telemark: Telemark fylkeskommune
* Hordaland: Sveio
* Møre og Romsdal: Kristiansund og Sykkylven
* Buskerud: Hurum og Drammen
* Vestfold: Holmestrand og Vestfold fylkeskommune
* Nord-Trøndelag: Nærøy
* Sør-Trøndelag: Trondheim og Malvik
* Finnmark: Deanu gielda/Tana og Unjarga gielda/Nesseby
* Sør-Varanger: Hammerfest
* Oslo: Oslo
* Vest-Agder: Audnedal og Hægebostad
* Troms: Bardu, Dyrøy, Lavangen, Salangen og Målselv

(©NPK)