mm

– Er det noen som ikke har fått Nøkkel til nynorsk?

Ingen svar frå dei 13 kursdeltakarane på rom 231 i Helga Engs Hus i Oslo vert av James Puchowski tolka som eit ja.  Når Studentmållaget i Oslo arrangerer sitt årlege nynorskkurs, er sjølvsagt den engasjerte briten på plass.

Kurshaldar er Vegard Storsul Opdahl frå Oslo.

– Men frykt ikke, jeg har vært bokmålsbruker, så derfor vet jeg hvordan det er. Da jeg på ungdomsskolen bestemte meg for å bytte til nynorsk ble jeg kjempekul på Holmlia ungdomsskole, forsikrar 25-åringen.

Den som ler sist ler best. I dag har osloguten gjort nynorskkarriere som korrekturlesar og som referent på Stortinget. Og ikkje minst spreier han den glade bodskapen til fortvila nordiskstudentar og framtidige norsklektorar, som vert overrumpla av at det forhatte sidemålet er ein del av pensum.

Les intervju med nynorskbriten James Puchowski her!

Få nynorsken under huda
Dette er eit kurs for bokmålsbrukarar, som aldri fekk nynorsken heilt under huda. Ikkje alt er like lett å omsetta frå bokmål til nynorsk. Er det til dømes lov å levera ein nynorsk besvarelse?

Frå bakarste rad kjem tydelege sukk. Ein lektorstudent er på sitt tredje nynorskkurs.

Men lingvisten Opdahl, som er styremedlem i Norsk Målungdom, veit råd når det kjem til desse forferdelege be-, -else og –heit-orda.

– Ein spør seg berre: «Er dette eit vanleg ord i norske dialektar?»

Er svaret «ja», eller «det trur eg», kan du mest sannsynleg skrive det. Krittrøyken står, før tavleentusiasten held hendene framfor be- og -else. Står du att med eit ord med same tyding utan slutten eller byrjinga, har du svaret ditt. Be-svar-else vert svar på nynorsk.

Eventuelt kan du prøva deg fram med alternative endingar som -ing, -skap, -leik eller -dom.

På ei rad lenger framme skriv ein lærar iherdig. Ho vil gjerne verte så trygg i nynorsk att ho slepp å slå opp kvart einaste ord i tekstane til elevane frå Romerike.

Saka held fram under biletet.

Usikre studentar og framtidige lærarar noterer ivrig tips om verbbøying.

 Bergen og Bærum
– Er det nokre bergensarar her?

Stillheit.

– Nei? Bra? Då kan me slå fast at på norsk har me tre grammatiske kjønn.

Ei jente frå Bærum er nesten litt ueinig, men skjønar teikninga.

Så kjem det på rekkje og rad. Fot – føter, ven – vener, eller venner.

– Det er vanleg på nynorsk å skriva venner, fordi det har vore slikt frå gamalt av. Og i nynorsk er me veldig glad i slik ting har vore frå gamalt av… Og litt valfridom må me tola.

Det kjem fleire endingar og etablerte sanningar. Som at møbel er det einaste inkjekjønnsordet som ikkje får noko ending og at vokalane skiftar i sterke verb. Det var dette norrøne mysteriet med omlyd.

– Ein av dei største feila folk gjer når dei skriv nynorsk er at dei slengjer -ar på alt, fordi det ser ut som nynorsk. «Eg skrivar» – «eg frysar». Det ser bergensk ut, men bergensarane hatar nynorsk. Dei hatar det til og med meir enn klassekameratane mine på Holmlia.

Favorittverba
Snakkast. Er det nokon som kan bøya det? Den største verbgruppa me har?

Stillheita er trykkjande stillheit, heilt til den einaste briten i rommet stikk hol på ballongen og svarar at det er eit a-verb.

Så er det klart for favorittverbgruppa til både nynorskguru Opdahl og nynorskens far. Ein kan spørje seg sjølv kvifor nokon vil velja seg akkurat j-verba*, som den beste verbgruppa.

– Det fine med desse er at det blir ikkje fleire, dei dør heller ut, seier Opdahl.

Men der nynorsken mistar nokre j-verb, får me stadig nye ord, som konkretisera og snikislamifisera.

* For dei som ikkje har j-verba friskt i minne, så er det verb som har ein obligatorisk ji infinitiv og inga ending i presens, som spørje – spør og telje – tel.

LES OGSÅNynorskelevar dårlegare på rettskriving

Bokmålsomvegen
Ikkje noko nynorskkurs utan å anerkjenna Ivar Aasen, som reiste land og strand rundt for å samla inn daglegtalen i bygde-Noreg.

Og kven skulle trudd at nynorskguruen frå Holmlia faktisk valde nynorsk fordi han følte det var nærare talemålet hans, enn bokmål.

– Me har ein statsminister som kan halda nyttårstale på dialekt. Det er utenkjeleg i mange andre land. Den same valfridommen har smitta over til skriftspråket. Nokon tykkjer det er vanskeleg, men me tykkjer det er koseleg, smilar Opdahl.

Det kan synast som om stortingsreferenten har stålkontroll på det meste, men han må medgje at ikkje alle bokmålsreglar går like greitt.

– På nokre punkt er nynorsk meir komplisert enn bokmål, men på mange andre punkt vil eg påstå at nynorsk er lettare. Grunnen til at dei fleste meiner det er motsett, er at dei ser og bruker så lite nynorsk at dei ikkje får det under huda. Nynorsk er ganske regelrett, seier Opdahl, som har eitt tips til dei nervøse tilhøyrarane:

– Tenk på kva de ville sagt, ikkje skriv noko som høyrest kjempenynorsk ut. Då blir det feil. Prøv på å tenkje samanhengen mellom nynorsk og dialekt. Går du vegen gjennom bokmål, vert det mykje rart.

Og då står det berre att ein ting: «Lykke til på eksamen!»

LES OGSÅ: Dette er den nye nynorsken (del 1-5)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

ANNONSE