Ho skal hacke havet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å hacke tyder å finne ei smart løysing på eit vanskeleg problem. Under Fishackaton kjem programmerarar, designarar og vitskapsentusiastar frå heile verda saman, for løyse problem i berekraftig fiske.

LES OGSÅ: Åtvarar mot meir tråling

Målet er å få til nye samarbeid mellom app-utviklarar og akademia.

Overfiske er eit stort problem, som forskar og arrangør Dorothy Dankel håpar å sjå nye løysingar på. Ho er forskar ved Senter for vitenskapsteori (SVT) ved Universitetet i Bergen og har mellom anna forska på fisk og genteknologi.

– Når ein fiskar er oppteken av å fange så mykje fisk som mogleg for størst mogleg inntening, kan det føre til at prisane går ned og bestandane vert redusert over tid. Ved å gjere heilskaplege analysar, som trekk inn økonomi, samfunnsvitskap og politikk, til dømes, kan vi kople inn andre perspektiv som kan hjelpe oss å sikre langsiktig berekraft, seier Dankel på Universitetet i Bergen sine nettsider.

Fishackaton går føre seg i 43 byar samstundes. Over 2000 programmerarar kastar seg over utfordringar frå over 200 fiskeriekspertar frå heile verda. Eit ekspertpanel evaluerer løysingane dei kjem opp med, og kårar vinnarar.

LES OGSÅ: Vil lage sportsdrikk av fiskehovud