Fleirtal for fleire gulrøter til samanslåing

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Med det nye inntektssystemet sikrar vi gode og likeverdige tenester i heile landet, samstundes som vi tilbyr fleire og saftigare gulrøtter til kommunane som slår seg saman. Kommunar som sjølv vel å vera små skal ikkje lenger lønast for det, seier Helge Andre Njåstad (Frp) i ei pressemelding. Han er leiar av kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget.

Avtalen er i tråd med den retninga regjeringa foreslo i høyringsnotatet som blei sendt ut i desember, men med nokre ordningar.

Fleire gulrøter
Det vert innført fleire ordningar som vil stimulera kommunane til samanslåing, blant anna eit nytt tilskott til kommunar som går saman og utgjer sterkare tyngdepunkt i regionen sin. Dette tilskotet er på 200 millionar kroner i året. Tilskotet til infrastrukturtiltak for kommunar som slår seg saman skal styrkjast. I 2016 er det sett av 50 millionar til dette, og no er Venstre og regjeringspartia blitt samde om å styrkja dette i 2017.

– Venstre har vore ein tydeleg forkjempar for ei kommunereform som skal gi sterkare lokaldemokrati, betre fagmiljø og betre tenester til folk. No får vi eit inntektssystem som byggjer oppunder dette målet. Vi får no eit inntektssystem med meir bruk av gulrot og mindre bruk av pisk som stimulerer til fleire kommunesamanslåingar, seier André N. Skjelstad, kommunalpolitisk talsmann i Venstre, i ei pressemelding.

Kommunar som vedtek å slå seg saman vil få halda på dagens basistilskot fram til samanslåing, slik at dei ikkje først går ned og deretter opp i inntekter. I tillegg til dei nye gulrøtene får dei som tidlegare avklart inndelingstilskot, reformstøtte og eingongsstøtte.

Ein større del av tilskotta skal i nytt inntektssystem gjevast per innbyggjar, og mindre per kommune.

LES OGSÅ: Flyttar statlege arbeidsplassar ut av Oslo

Endrar småkommunetillegget
– I tråd med høyringsforslaget vil kommunar i tettbygde strøk som vel å vera små få mindre i såkalla basistilskot, som i hovudsak dekkjer utgifter til administrasjon. Kommunar som vel å stå åleine kan ikkje lenger senda ei ekstrarekning for administrasjonskostnader til innbyggjarar i resten av landet, seier kommunalpolitisk talsmann for Høgre, Frank Jenssen. Han er glad for at dei tre partia saman har teke ansvar for å sikra eit inntektssystem som legg til rette for gjennomføringa av ei kommunereform som det er brei semje om på Stortinget.

Småkommunetilskotet vil vidareførast, men målrettast mot distriktskommunar i tynt folkesette område og vil ikkje lenger gjevast som belønning berre fordi kommunen er liten. Det vil enno gjevast kompensasjon for ekstrakostnader til tenester i spreiddbygde strok.

Førstkomande måndag er det folkerøysting om samanslåing i 23 kommunar. Totalt skal nær 200 kommunar ha folkerøysting om samanslåing no i vår.

Les heile avtalen her!