Nesten ingen vil utdanne seg innan olje

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei dårlege tidene i oljebransjen viser att i søkjartala. Ifølgje Norsk teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim er det 31 søkjarar til dei 29 plassane innan petroleum. Det er ein nedgang frå 420 søkjarar til 53 plassar for tre år sidan, og frå i fjor er det ei halvering.

NTNU har derimot ein kraftig auke i talet på søknadar til blant anna kommunikasjonsteknologi og nanoteknologi, der det er 30 prosent fleire som vil gå.

Nedgang for teknologi
Samla sett er det nedgang i søkinga til realfag- og teknologistudium på 3,5 prosent frå i fjor, viser tala som Samordna opptak publiserte tysdag.

– Søkinga til realfagsstudium er stabil, men vi skulle gjerne sett at vi hadde halde nivået på søkinga til teknologistudia. Vi treng eit betydeleg tal teknologi- og realfagskandidatar for å lykkast med den omstillinga og verdiskapinga samfunnet treng framover, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Fleire enn nokon gong søkjer høgare utdanning. 132.000 søkjarar er ein auke på 3,2 prosent frå i fjor.

LES OGSÅ: Fleire vil bli sjukepleiarar

Fryktar rasering
På få år har talet på søkjarar til petroleumsfag falle til ein brøkdel. – Det går raskt å rasere fagmiljø, men tar mange år å byggje opp kompetansen, påpeikar fagforeininga Tekna.

– Bransjen har ikkje vore på bana, seier president Lise Lyngsnes Randeberg i Teknisk-naturvitenskapelig forening (Tekna) til NTB.

– Tekna har åtvara oljeindustrien mot å tenkje kortsiktig når dei nedbemannar. Vi har sagt at næringa står i fare for å skremme bort mange kloke hovud frå å søke til petroleumsstudiane. Vi skal drive med olje og gass i mange år framover. Det går raskt å rasere fagmiljø, men tar mange år å byggje opp kompetansen dersom det ikkje blir utdanna nok kandidatar, påpeikar ho.

Randeberg seier talet på plassar truleg blir redusert fordi det er lite truleg at alle søkjarane har grunnkompetansen som skal til for å komme inn. (©NPK)