Partnerval, barneoppseding, utruskap, skilsmisser og nabokranglar. Nei, det handlar ikkje om menneske, men om livet til kjøttmeis og blåmeis.

(NPK-Margunn Sundfjord):
(NPK-Margunn Sundfjord):

– Livet til meisene har meir til felles med menneskelivet enn mange er klar over, meiner forfattar og fugleentusiast Andreas Tjernshaugen.

Han har skrive boka Meisenes hemmelige liv. Med ein far som var svært oppteken av fuglar, fekk han fugleinteressa så og seia inn med morsmjølka. No ønskjer han å spreia fascinasjonen for fuglar til fleire – og ikkje minst dela litt av den kunnskapen forskarane har kome fram til om småfuglane. At valet fall på kjøttmeis og blåmeis, har ei naturleg forklaring.

– Det finst knapt nokon dyreart det er forska så mykje på i det fri som kjøttmeis og blåmeis. Hemmelegheitene til meisene er difor ganske godt kartlagt. Det er desse hemmelegheitene eg gjerne vil dela med folk som berre kjenner meisene frå fuglebrettet og fuglekassane, forklarer han.

I tillegg til å formidla vidare forsking andre har gjort, har han supplert med eigne observasjonar heime i hagen, på fuglebrettet og via ein fuglekasse med innebygd kamera.

LES OGSÅ: Ut å telle fuglar 

Annleis og attkjenneleg
Forfattaren meiner fascinasjonen for fuglar heng saman med at fuglane både er svært annleis enn menneske – men samtidig litt like oss.

– Det å kjenna att litt av seg sjølv i noko svært framandt er fascinerande, seier Tjernshaugen. Sjølv om det er meir enn 300 millionar år sidan vi faktisk hadde felles avstamming, ser han likevel mange fellestrekk mellom familielivet hos meisene og menneska.

– Meisene og andre småfuglar lever eit familieliv som kan minna litt om vårt. Dei er fuglar som lever i par der begge foreldra må samarbeida tett for å oppdra ungane. Det betyr at dei har nokre av dei same oppgåvene og utfordringane som oss, seier han.


På same måten som oss kan meisene ofte ha eit travelt familieliv. I samband med ruginga og like etter ungane er komne til verda, flyg hannen i skytteltrafikk til og frå reiret med mat. Foto: Jan Erik Røer / Bilete frå boka.

Partnerval, sjalusi og utruskap
På same måten som oss må meisene først finna seg ein partnar. Korleis det skjer kan ifølgje forfattaren vera like variabelt og uføreseieleg som hos menneske, men når dei først har funne kvarandre og stifta familie, held dei stort sett saman.

– Meisene er i hovudsak monogame og lever saman i par. Det er heilt nødvendig for at dei skal greia å fø opp dei store ungekulla dei får, seier han og peikar på at både kjøttmeis og blåmeis ofte får kull med ti ungar eller meir.

– Egga veg opp mot 10 prosent av kroppsvekta til hoa. Ho legg eitt egg kvar dag til ho er ferdig. Det betyr at ho kan koma opp i si eiga kroppsvekt i egg på mindre enn to veker. Hannen flyg som ein strikkball og hentar mat for at ho skal klara dette. Viss hoa skulle flyga rundt og fanga all maten som skal til for å laga egga, hadde det ikkje gått, seier meiseentusiasten og strekar under at meisepara difor er svært avhengige av kvarandre.

Sjølv om meisepara samarbeider tett om omsorga for barna, er det likevel stor sjanse for at ein av partane er litt utru ein gong i blant. Hannen kan difor aldri vera heilt sikker på at alle ungane i reiret er hans eigne. Sidesprang blant meisene ser likevel ut til å vera meir utbreidd på sørlegare breiddegrader enn her i landet.

Forfattaren veit ikkje heilt korleis meisene reagerer emosjonelt på utanomekteskaplege forhold, men slår fast at rivalisering heilt klart gjer dei små vengjekledde sinte og aggressive.

LES OGSÅ: Kattar drep milliardar av amerikanske småfuglar 

Fuglesong – meir enn vakker lyd
Fuglesongen er også eit sentralt tema i den 230-sider tjukke boka. Sjølv om fuglane lagar lyd heile året, er det stor skilnad på lydane og kva dei betyr.

– Kvar fugleart kommuniserer gjerne med mange ulike lydar. Dei har til dømes små lydar som dei brukar for å halda kontakten viss dei vil vera saman i flokk. Fuglane har også eit heilt repertoar av varsellydar. Nokre kan signalisera at faren er dramatisk, medan andre fortel at faren er mindre akutt, fortel fuglekjennaren.

Fuglesongen om våren er likevel noko for seg sjølv. Då syng hannane av full hals for å seia frå om at dei har okkupert eit territorium og for å trekkja til seg ein partnar.

– Akkurat den lyden om våren er gjerne det vi kallar fuglesong. Han er høgare og meir langvarig enn andre fuglelydar. Songen er unik for kvar art og er svært viktig for å forsvara territoriet.

Meisebokforfattaren strekar under at songen til fuglane også fortel mykje meir.

– Fuglesongen er ein svært kompleks kommunikasjon, slår han fast og peikar på at fuglane brukar songen både til å kjenna att naboar, vurdera motstandarar og trekkja til seg attraktive partnarar. 


Mykje av tida til småfuglane går med til å skaffa mat til seg sjølv og familien. Her ei blåmeis med fangsten sin. Foto: Jan Erik Røer / Bilete frå boka.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE