Lønsame deltidsbønder

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Deltidsbønder mest lønsame

Teksta var først publisert i Dag og Tid. 

Snart byrjar vårens vakraste eventyr, landbruksoppgjeret. Lat oss byrja med ein enkel observasjon: Same kor mykje vi prøver, og same kor mykje pengar Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale har kasta og vil kasta etter dei største produsentane, kan norsk landbruk aldri konkurrera internasjonalt. USA er eit vel så godt døme som nokon andre. I 1870 var halvparten av arbeidsstyrken i USA i landbruket, i 1940 var det same talet 17 prosent og i 2009 0,9. Denne vesle gruppa produserer dobbelt så mykje kaloriar som USA treng, fire gonger så mykje om amerikanarar får ned kjøtetinga og sluttar med produksjon av biodrivstoff. Produktivitetsveksten har vore formidabel, nesten like formidabel som gjeldsveksten.

LES OGSÅ: Éin av ti bønder er under 40 år 

I Noreg er framleis 2 prosent av arbeidsstyrken i landbruket, og vi er ikkje i nærleiken av å produsera så mykje mat som vi treng. Men det er til USA Listhaug og mange med henne ser: Også i Noreg, som ho sa i 2014, skal «produksjonskreftene i landbruket» frigjerast. Produksjonstak vart oppheva, dei store bruka fekk meir subsidiar, investeringstilskota gjekk opp, og heiltidsbonden skulle atterreisast.

Men det var noko som ikkje heilt stemde med retorikken til Listhaug. For er det noko norske bønder har gjennomført, så er det ein produktivitetsrevolusjon, ein evigvarande revolusjon. Inga anna næring i norsk soge kan visa til ein så sterk produktivitetsvekst over tid som norske bønder. I 1950 var 23,5 prosent av alle sysselsette nordmenn sysselsette i landbruk eller skogbruk, i 2005 var talet 2,5 prosent, og no er det rett under 2. Men denne gjengen produserer 200 prosent fleire kaloriar enn alle dei i 1950, og 100 prosent meir menneskeføde.

LES OGSÅ: Landbruket vil krevje utdanning for å bli bonde 

Ikkje lønsam
Næringa er likevel ikkje lønsam: Ho står for 0,5 prosent av verdiskapinga i Noreg, men får 0,9 prosent av verdiskapinga i form av landbrukssubsidiar og importvern. Listhaugs mål var å minka avstanden mellom verdiskaping og subsidiar, eit mål ho hadde sams med dei fleste før henne og truleg dei fleste i framtida. Spørsmålet er om ho og andre ministrar gjer det på rette måten. Ja, om det i det heile teke er mogeleg å minka skilnaden mellom verdiskaping og subsidiebruk.

Lat oss taka ein teoretisk omveg om kapital og realkapital. Kvar dag må du pendla til og frå arbeid. Målet er å koma frå A til B og attende. Du må kjøpa deg bil. Valet står mellom å kjøpa ein stor ny SUV til ein million og ein bruka VW Polo til 30.000. Er du fornuftig, set du 970.000 i aksjar og kjøper Poloen, som kanskje ikkje er komfortabel og rask, men han gjer jobben. Når du ein gong pensjonerer deg, er du mykje rikare enn om du kjøpte Polo i staden for SUV.

Analogien i landbruket er velbruka traktorar og litt eldre, men greie driftsbygningar. Både traktoren, fôrhaustaren og fjøset står der og er nedbetalte. Ein bonde med ein nedbetalt realkapital er ein bonde som framleis kan produsera kaloriar og som framleis kan skapa overskot av den realkapitalen han har, og det same kor mykje han er nedbetalt. Poloen gjer nytta.

LES OGSÅ: Kvar tredje danske bonde truga av konkurs 

Mykje fritid
Dei fleste i Noreg har mykje fritid, og i utgangspunktet legg ikkje staten seg opp i korleis vi nyttar fritida vår. Men det er likevel slik at staten har stor nytte av dei som nyttar fritida si til å skapa verdiar som kan skattleggjast. Korkje arbeidsmiljølov eller tariffavtalar hindrar nordmenn i å taka lønt arbeid eller å laga ting på fritida. Skulelæraren som nyttar fritida til å skriva lærebøker, er ein lærar som betaler inn meir i skatt enn ein som ikkje gjer det.

Den norske bonden er framleis ein deltidsbonde. I 2014 var næringsinntekta frå landbruket 174.000 per brukar, som var snautt 9000 meir enn året før. Samla sett var det i 2014 40.500 bønder i Noreg, ein nedgang på 8,8 prosent frå 2009. Det var berre 22.800 gardsbruk som hadde ei positiv næringsinntekt frå landbruket, dei tente i snitt 244.000 på jorda si. Totalt sett fekk bøndene 29 prosent av bruttoinntekta si frå jorda, resten tente dei i anna og får vi tru ikkje-subsidiert arbeid. Av ein eller annan grunn likar ikkje Høgre og Frp denne utviklinga og har gått inn for å «gjenreise heltidsbonden».

Men er dette rett tenkt? Om vi seier at éin heiltidsbonde svarar til fire deltidsbønder, kva hender om dei fire sluttar og overlèt drifta til ein av dei? Då vil denne eine måtte gå ut av dagarbeidet sit, som kanskje er i Norsk Hydro eller i ein lokal sparebank. Då vil han gå frå å ha ein jobb som ikkje er subsidiert og som genererer høge skatteinntekter, til ein jobb som er tungt subsidiert, og nyta godt av det særlege skattefrådraget som heiltidsbønder har mest nytte av. Han vil i tillegg måtte investera tungt i nytt utstyr og nye driftsbygningar, og det i ei næring som er sterkt subsidiert og som aldri vil kunna gje Noreg eksportinntekter.

LES OGSÅ: Odelsjenta får ikkje garden

Meir til dei store
Men det er nettopp ein slik politikk Frp og Høgre har fått Stortinget med på. I 2014 utbetalte staten 8,04 milliardar i produksjonstilskot til landbruket og i 2015 8,0, men innanfor desse råmene var det store endringar. Summar vart tekne frå dei små deltidsbøndene og gjevne til dei store. Størst var auken for Magne Kristian Dyste som driv med grønsaker på Toten; han fekk 1,42 millionar meir enn året før. Mellom mjølkesamdriftene vart Jamstve/Hanemo Samdrift på Namdalseid vinnaren. Dei fekk knapt 3,3 millionar i tilskot, som var 651.000 meir enn året før. Men også einskildbønder innanfor mjølk gjorde det bra. Sunnmøringen Olav Reenskaug Fjørtoft på Haram gjekk frå 297.701 i 2014 til 764.708 i 2015.

Ein slik politikk får sjølvsagt effekt og fører til auka produktivitet. Men frå eit kjølig statsfinansielt perspektiv, eller for den del, kapitalistisk perspektiv, er det langt frå sikkert om denne produktivitetsveksten er av det gode. Éin ting er at kvar heiltidsbonde er alternativ arbeidskraft som går tapt for den ikkje-subsidierte delen av arbeidslivet og som dimed fører til skattetap, noko anna er skeivfordeling av kapital. Når det ein gong er slik at norsk landbruksnæring ikkje er og ikkje kan verta lønsam for AS Noreg, ja, så er det best at landbruket nyttar så lite pengar som råd er på ny kapital. Og treng bøndene ny realkapital, er det best at dei finansierer han av subsidiane dei alt får på drifta. For kvar ny krone som går til ny realkapital i landbruket, er éi krone som kunne ha vorte nytta til å finansiera samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt. Eller for å seia det på ein annan måte: Det er betre at ein dyktig datagründer får kapital enn at ein heiltidsbonde får kapital.

Innovasjon!
Slik tenkjer ikkje Høgre og Frp og støttepartia Venstre og KrF. Dei likar å nytta pengar på innovasjon og har difor pøst pengar over Innovasjon Norge. Der kan ein lesa dette: «Det kan gis tilskudd til investeringer i faste anlegg og tilhørende produksjonsutstyr av varig karakter opp til 33 prosent av godkjent kostnadsoverslag. Du kan også få tilskudd til investeringer innen økologisk fruktdyrking med inntil 50 prosent av godkjent kostnadsoverslag for nyplanting.»

Kva tyder dette i klårtekst? Jau, at Høgre og Frp gjev store summar til investeringar i ei næring som for staten og samfunnet ikkje er samfunnsøkonomisk lønsam. Staten stiller opp med eigenkapitalen for dei nye heiltidsbøndene, samtidig som dei aukar subsidiane til dei same bøndene. Det stoggar ikkje der: Dei som vil investera nytt, kan òg få låna pengar av staten, til 2,65 i rente, som er langt lægre renter enn dei fleste ikkje-subsidierte næringar i Noreg får.

Den store subsidieringa av nye og store driftsbygningar, har fleire konsekvensar. Når ein storbonde får mykje meir pengar, både i form av driftssubsidiar og investeringsstønad, og råmene for landbruksstøtta ikkje aukar, så vert det altså teke frå deltidsbøndene. Den realkapitalen deltidsbøndene som sluttar, har, vert over natta dimed null verd. Nedbetalt og for staten kostnadsfri realkapital vert bytt ut med for staten forgjelda og svært dyr realkapital. I tillegg forsvinn for staten den skatta fritida deltidsbøndene nytta på å produsera mat. Staten sit att med ein bonde som får høge subsidiar og har låg skatteevne grunna dei store skattefrådraga han har på gjelda. Bønder som arbeider på fritida og har låg eller inga gjeld, gjev derimot høge skatteinntekter, sidan inntekter skaffa ved sida av fast arbeid gjerne har ein høg skatteprosent.

Føremon med låg gjeld
At bøndene får stadig høgre gjeld, er ingen føremon sett frå eit skatteperspektiv, men stadig høgre gjeld er det bøndene får med større gardar og nye driftsbygningar. I 2002 var den samla gjelda i norsk landbruk på 47,6 milliardar, og gjennomsnittsbonden hadde ei skuld på 793.000 kroner. I 2014 var den samla gjelda på 76,5 milliardar, men sidan det har vore ein nedgang i talet på bønder, var gjennomsnittsskulda på 1,9 millionar, som var ein auke på 5 prosent per brukar frå året før. Dei bøndene som har fått høve til å ekspandera mest, fjørfe- og svinebøndene – som no får importera fôr nokså fritt – hadde mest gjeld, 51 prosent hadde over 4 millionar i gjeld. Lægst gjeld hadde sauebøndene, som stort sett er deltidsbønder, dei hadde 1,1 million i gjennomsnitt.

Ein sikker spådom er at gjelda kjem til å auka mykje i åra framover. Når dei største bøndene har fått ein dramatisk auke i subsidiane samstundes som støtta til investeringar er så stor, seier det seg nær sagt sjølv at stadig fleire vil satsa stort, og skal ein satsa stort, må ein byggja stort, og då må ein låna til nye driftsbygningar.

Spørsmålet ein kan stilla seg, er om endringa av norsk landbrukspolitikk er særleg lur. Når dagens bønder berre frå 29 prosent av inntekta si frå landbruket, så tyder det at landbruket der vi er no, er så produktivt og enkelt å driva, at svært mange finn at dei kan nytta fritida si på dette. Dei fleste bønder arbeider i dag anten deltid eller heiltid utanfor garden i næringar som ikkje er subsidierte. Dei fungerer nær fullt ut som andre samfunnsborgarar som er i arbeid. Men samstundes nyttar dei fritida si på å auka inntektene sine og halda kulturlandskapet i hevd. I 2014 hadde bøndene 604.000 kroner i inntekt, som igjen gjer at dei fleste av dei betaler toppskatt og slik gjev staten att mykje eller delar av subsidiane dei får. Deltidsbønder er ikkje bønder som ekspanderer. Difor treng dei ikkje setja seg i ny gjeld, og difor søkjer dei heller ikkje om investeringstilskot.

Ja, om vi skulle ha bygt opp landbruket på nytt, hadde det sjølvsagt vore fornuftig å satsa på få og store einingar som kunne ha utnytta ny og rasjonell realkapital i staden for at vi har det som no, med mange gamle traktorar, mjølkeanlegg og gamle fjøs. Men no er det eingong slik at all denne gamle realkapitalen står der og kan nyttast. Om staten vil ha ein rasjonell landbrukspolitikk, verkar det meir logisk ikkje å bry seg om storleiken på garden, men betala etter produksjon, og så avgjera om det er særlege delar av landet og distrikta som skal få auka tilskot for å halda oppe kulturlandskapet.

Å skapa stadig færre einingar med stadig meir forgjelda heiltidsbønder aukar nok produktiviteten, men neppe legitimiteten for landbruket. Éin ting er å nytta 14–15 milliardar på 40.000 bønder som held kulturlandskap ved like i feriar og fritid, for å halda oppe ein kultur. Noko anna er det å nytta den same summen på nokre hundre industriverksemder på Jæren, det sentrale Austlandet og på ein del trønderar som alle kjem til å nytta importert arbeidskraft frå lågtlønsland.