Odelsjenta får ikkje garden

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

‒ Det er eit jentepotensial i landbruket, som i dag ikkje synest i statistikken. Difor gjeld det å opne definisjonane på kva landbruk er, seier Reidun Heggem ved Norsk senter for bygdeforsking til Forskning.no, som først omtala saka.

I doktorgradsavhandlinga si har ho sett på kva norske bønder legg i omgrepet «den gode bonden» og kva som avgjer kven av barna som skal ta over garden.

LES OGSÅ: Jaktar på kvinnebonden

Traktortekke
Heggem har funne at det er ei vanleg oppfatning blant norske bønder at gutar er fødd med ei interesse for traktorkøyring, maskinar og teknologi, medan jenter er naturleg betre på omsorg for dyra.  

Fordi mange bønder meiner traktortekke er ein viktig del av det å vere bonde, konkluderer dei med at det berre er gutar som kan drive ein gard åleine.

‒ Resultatet er at jentene blir vurdert som mindre eigna, fordi dei ikkje har opparbeidd seg kompetansen som foreldra meiner kjenneteiknar den gode bonden, forklarar Heggem, som likevel ser tendensar til endring.

LES OGSÅ: Listhaug vil skaffe fleire unge bønder

Landbruk utan kvinner
Sjølv om den reviderte odelslova frå 1974 sidestilte jenter og gutar sin odelsrett til garden, har delen kvinner som er hovuddrivar av garden ligge jamt rundt 14 prosent dei siste 15 åra.

I 2007 signerte landbruksminister Terje Riis-Johansen Strategi for likestilling i landbrukssektoren, som har som mål å føra ein politikk som skal ivareta kvinner og menn i landbruket og sikre like rettar og reelle moglegheiter. Målet er full likestilling, der begge kjønn er representert med minst 40 prosent.

Tidlegare denne månaden lanserte Småbrukarlaget rapporten «Et landbruk uten kvinner»,  som vart bestilt i anledning hundreårsjubileet for laget og stemmeretten for kvinner.

Dei same haldningane som Heggem fann kjem til ein viss grad fram i rapporten, der nokre kvinnelege bønder fortel at traktorseljarar og andre har spurd etter den “eigentlege bonden” når dei pratar med den kvinnelege bonden.

Mangel på praktisk kunnskap vert òg nemnt som ein av grunnane til at kvinner ikkje vel bondeyrket.

LES OGSÅ: Skilsmisse verre for bønder

Spår nedgang
Sjølv om over halvparten av dei spurde meiner bonde vert sett på som eit manneyrke i samfunnet, peikar rapporten på ei positiv haldningsendring når det kjem til kvinnelege bønder.

Likevel spår Norsk Bonde- og Småbrukarlag at kvinnedelen i landbruket vil gå nedover, om ikkje likestillingstiltak i landbruket vert prioritert. 

LES OGSÅ: Prøvebøndene