Opplæringskontoret i Sogn og Fjordane har søkt om fritak frå fråværsgrensa som skal innførast i heile landet til hausten. 

Camilla Skjær Brugrand, Porten.no
Camilla Skjær Brugrand, Porten.no

Saka var først publisert i Porten.no

Årdal: Fylket har søkt om dispensasjon frå det nye regelverket om ei fråværsgrense på 10 prosent. Håpet er å kome med i eit forskingsprosjekt med ein prislapp på 45 millionar kroner, finansiert av Kunnskapsdepartementet. 

– Me er skeptiske til innføringa av fråværsgrensa og glade for at opplæringskontoret i fylket har søkt om fritak, seier Karianne Torvanger (Ap) i hovudutvalet for opplæring. 

Regjeringa innfører fråværsgrense på 10 prosent frå hausten av. Den nye regelen inneber at elevar som har høgare udokumentert fråvær, ikkje vil få halvårskarakter eller standpunktkarakter i det aktuelle faget.

LES OGSÅ: Tett oppfølging hindrar fråfall

Forskar på fråvær
HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen leier eit stort forskingsprosjekt der fylka Sogn og Fjordane, Hordaland, Nordland og Troms er med. 

– Bakgrunnen for prosjektet er å finne ut kva tiltak som aukar gjennomføringa av vidaregåande skule for elevar. Me veit lite om kva som verkar mest, og det er det forskarane no skal finne ut av, seier Kent Rune Måren, teamleiar for opplæringskontoret i Sogn og Fjordane. 

Det var forskarane ved HEMIL-senteret som oppmoda opplæringskontoret til å søkje om fritak frå det nye regelverket. Grunnen var at det kan bli vanskelegare å finne ut kva tiltak som verkar om ein endrar føresetnadane i overgangen på prosjektet. 

Utvalde skular i dei fire fylka skal innføra tiltaka "draumeskulen" og "nærværsteam". Andre skal fungera som kontrollskular. I Sogn og Fjordane skal Eid, Firda, Hafstad og Mo og Øyrane innføra dei ulike tiltaka.

– Forskarane treng gode data og difor oppmoda dei oss til å søkja. Sjølv om det berre er nokre av skulane som skal prøva ut dei nye tiltaka, har me bestemt oss for å søkja for alle skulane i fylket. På denne måten vert det ikkje eit konkurransefortrinn å ha ein slik dispensasjon, seier Måren. 

Søknaden har no blitt sendt frå Utdanningsdirektoratet til rådgjeving hos Kunnskapsdepartementet.

LES OGSÅ: Slik unngår denne skulen fråfall

– Litt skummelt 
Elevrådsleiar ved Årdal vidaregåande, Synne Lerum Fredheim (18) og Vanja Thomassen (18), meiner at fråværsregelen er for lite gjennomtenkt. 

– Fråværsgrensa er ikkje eit dødsdømt prosjekt, men me fryktar følgjene av det som eigentleg er ein god idé, men som diverre er for lite gjennomtenkt og utarbeidd. Det er litt skummelt. Me er redde for at den nye fråværsgrensa vil straffa elevane som slit psykisk, seier Fredheim. 

Uansett kva karakter ein har i eit fag, risikerer ein stryk, om ein er vekke for mange timar utan godkjent dokumentasjon. Sjølv om problemstillinga er omdiskutert nasjonalt, har det ikkje vore så mykje snakk om grensa på skulen i Årdal.

– Ein må tenka på alle dei elevane som slit psykisk og som ikkje får dette dokumentert. Om ein ikkje får ein diagnose frå ein lege, kan ein ikkje syna dokumentasjon på at ein ikkje har det så bra, seier Fredheim. 

Dei to andreklasse-elevane synest det er positivt at Sogn og Fjordane kan få fritak frå grensa, men konstaterer at dette ikkje gjer situasjonen betre for resten av Noreg. 

– Det burde vera slik at alle er ingen måtte halda seg til grensa, seier Thomassen.

LES OGSÅ: Står saman mot fråværsgrensa

Fryktar at fleire droppar ut
Thomassen trur at den nye grensa vil gå utover motivasjonen til elevane og fryktar at den kan vere dråpen som gjer at det tippar over for nokre. 

– Elevane må jobba hardt frå dag éin og har ikkje rom for ein dårleg periode i løpet av dei tre åra ein går på skule. Eg trur dette vil auka sjansane for at fleire elevar gir opp og droppar ut av skulen. Overgangen frå ungdomsskulen vert heller ikkje så enkel med den nye fråværsgrensa, seier ho. 

– Årdal vidaregåande har ikkje det største problemet med fråfall, men eg er uroa over dei som står på kanten. Denne grensa kan vere det som vippar dei i feil retning, seier Fredheim. 

Dei syns det er flott at regjeringa ønskjer å ta tak i fråværet til elevane, men seier at den nye regelen ikkje er godt nok utarbeidd.

– Det verkar ikkje som politikarane har tenkt grundig over konsekvensane av grensa. Fråværsgrensa vil ramma feil folk. Dei som blir mobba og som slit psykisk. Prestasjonspresset er der, og nokon slit meir enn andre, men vi kjenner alle på det, seier Fredheim. 

LES OGSÅ: Lågast fråfall i Vest-Agder og Rogaland

Styrka skulehelsetenesta 
Dei to elevane meiner at i staden for å straffa elevane, bør regjeringa ta tak i sjølve problemet bak fråværet, nemleg skulehelsetenesta. 

– Dei fleste har ein god grunn for ikkje å vere på skulen, sjølv om det ikkje kan dokumenterast. Elevane burde ikkje bli straffa for det. Då burde dei heller utvida helsetilbodet vårt, seier Thomassen. 

I dag har elevane ved Årdal vidaregåande berre moglegheita til å sjå helsesøster to gonger i veka, annankvar veke. 

– Med denne ordninga, må ein nesten planlegga når ein skal vere sjuk for å ha moglegheit til å sjå helsesøster. Dette gjeld ikkje berre Årdal, men også nasjonalt, seier Fredheim. 

Dei trur at det hadde vore mange til hjelp om det hadde blitt tilsett ein skulepsykolog. Spesielt for dei som har problem med å opna seg opp for andre menneske. 

LES OGSÅ: Einsame elevar droppar ut

Politisk betent sak
Karianne Torvanger (Ap) meiner søknaden om dispensasjon er svært aktuell. 

– Det er riktig og lurt og me er kjempe positive til det. I Sogn og Fjordane har me jobba mykje og godt med fråvær. No har me eit av dei lågaste fråværa i landet, seier ho. 

Nyleg var Torvanger på fylkestinget for ungdom. Der var opplæring og fråvær ei heit potet blant ungdommane. 

– Dette er noko ungdom er svært oppteken av. Fråværsgrensa kjem til å ramma dei svakaste elevane. I dag har me utfordringar med å få elevane til å gjennomføra vidaregåande, dette nålauge vil berre bli endå smalare med denne grensa, seier ho. 

Fråværsgrensa vil dermed verke mot sin hensikt. Ho påpeikar at skulking ikkje skal aksepterast, men ein må vere klar over at det er mange ulike grunnar for fråvær. 

– Eg trur terskelen for å få dokumentasjon på at ein er psykisk sjuk kan bli for høg. No må ein sette i gong dette forskningsprosjektet for å finne ut kva som har god effekt. Regjeringa kunne ha venta med å innføra denne grensa til prosjektet var avslutta, seier Torvanger. 

LES OGSÅ: Her får fråfallselevane ein ny sjanse

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09
ANNONSE