Student og gründer? Då vil Forskingsrådet ha deg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Student og gründer? Gode nyhende!

Rådet har 25 millionar til disposisjon i ei ny tilskotsordning.

LES OGSÅ: Saftbygdas svar på Silicon Valley

Gjennom StudENT kan grunderar som nettopp har fullført ein mastergrad, få inntil 1 million kroner på eit år. Pengane skal brukast til å jobbe fulltid med å realisere ein idé, og dei kan brukast til både lønn og utviklingskostnadar. I år er det søknadsfristar i mai og oktober, og ifølge omtalen av ordninga, er inntil 25 millionar kroner tilgjengeleg i år.

Målet med ordninga, som har fått namnet StudENT, er «fleire entreprenørar og nye suksessbedrifter basert på idear frå studentar», skriv rådet.

– Vi ønskjer at fleire studentar brukar kunnskapen dei har fått gjennom utdanninga til å bli grunderar, seier næringsminister Monica Mæland (H), som lanserte StudENT saman med forskingsrådets direktør Arvid Hallén onsdag.

– Vi har fleire gode eksempel på norske bedrifter som er starta av studentar, men vi trur det er eit større potensial her. Vårt håp er at ordninga skal bidra til at fleire får moglegheita til å realisere gode idear og skape nye bedrifter, seier Hallén.

LES OGSÅ: Norsk app fronta av Google