Berre frie forskarar har tillit

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommentaren var først publisert i Universitas.

Sist helg hagla kritikken mot fiskeriminister Per Sandberg (Frp) frå både opposisjonen og akademia. Etter eit møte med sjømatnæringa og Havforskingsinstituttet, sa han til Bergens Tidende at forskingsinstituttet skal «være næringsvennlig» og «dele regjeringens ambisjoner» for vekst i oppdrettsnæringa.

Bakgrunnen for møtet var at forsking ved instituttet har dokumentert auka dødelegheit for sjøaure i Hardanger på grunn av lus frå lakseoppdrett. Funna vart møtt med skuldingar om inkompetanse og juks og ei uromelding til departementet frå sjømatnæringa. Sandberg sitt mål med oppvaskmøtet var å gjenreise tilliten mellom forskarane og næringa. Han enda med å skade offentlegheita si tillit til begge.

Marinbiologane ved Havforskingsinstituttet er vane med kritikk – også frå motsett side i debatten. Dei mest innbitne oppdrettsmotstandarane, som Niels Chr. Geelmuyden og Kurt Oddekalv, har tidlegare kalla forskarane klakørar for sjømatnæringa. Sandberg har nemleg rett i at instituttet vanlegvis ikkje er spesielt næringskritiske.

Instituttet står altså i ein strid om sanninga mellom kryssande interesser. Då er det avgjerande at folk kan ha tillit til at forskarane som er med på å legge grunnlaget for politiske avgjerder, er fagleg uavhengige. Uttalane Sandberg kom med, undergrev denne tilliten: Dei kommuniserer ei forventing om at forskarane skal spele på lag og ikkje vere eit hår i suppa for næringa og regjeringa. Folk kan ikkje stole på forsking som er underlagt ei slik forventing.

LES OGSÅ: «Unge må kunne velje fiskeri som leveveg»

Det blir ikkje betre av at Sandberg etterpå har «oppklara» at han aldri meinte å «kneble» nokon. Problemet er at han har skapt grobotn for tvil om truverdet til forskarane. Sitata hans – som han ikkje har gått tilbake på – er ei gåvepakke til dei som vil prøve å diskreditere forsking som kjem frå Havforkingsinstituttet i framtida.

Tanken om at forskinga aldri kan bli heilt objektiv gjer det enklare å sjå bort frå forskingsresultat ein mislikar

Runar Mæland, journalist i Universitas

Det Sandberg seier, er nemleg det mange tenkjer: forskinga står, og skal stå, i teneste for staten og kapitalen. Du skal ikkje langt ut i folkedjupet før du merkar ein slik skepsis mot akademia: Trass i fine titlar er også forskarane farga av sine eigne interesser, og ikkje minst av interessene til dei som betalar forskinga, anten det er politikarar eller private. Difor er det naivt å stole blindt på forsking, hevdar mange.

Det er sjølvsagt ei kjerne av sanning i dette, for all forsking er feilbar. Men det som i utgangspunktet er sunn skepsis, bikkar fort over til dogmatikk. Tanken om at forskinga aldri kan bli heilt objektiv gjer det enklare å sjå bort frå forskingsresultat ein mislikar, og kan brukast til å legitimere mytar og konspirasjonsteoriar. Difor har nokon lettare for å tru på elektrosensitivitet og «chemtrails» enn menneskeskapte klimaendringar. Mens andre blant avviser forsking som tilseier at fiskeoppdrett kan vere trygt og berekraftig, gitt dei rette rammene.

Vi kan ikkje leve med at politikarar uttalar seg på ein måte som skapar tvil om uavhengigheita til forskarane. Truverdet til forskinga er avhengig av fridom frå kommersielle og politiske bindingar.

LES OGSÅ: – Slike forskarar vil vi ikkje ha