«Unge må kunne velje fiskeri som leveveg»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Unge må kunne velje fiskeri»

Den har lågast energiforbruk, fiskar med skånsame reiskapar, leverer god kvalitetsfisk og held liv i våre mange kystsamfunn. Den minste kystflåten er inngangen til fiskeria for mange unge. Dette vert det teke lite omsyn til i fiskeripolitikken, som er ført av både dagens og tidlegare regjeringar. Forhåpentlegvis forstår Eidesen-utvalet at struktureringa allereie har gått for langt.  

I går diskuterte ein framtidas kvotestruktur for fiskeria. Kvoteutvalet blei sett ned av Elisabeth Aspaker då ho var fiskeriminister, og skal leggje fram si innstilling i haust.  

LES OGSÅ: Så viktig er fisken for Noreg

Klimarekneskapet
Utviklinga går mot færre og større båtar, og det gjer utslag i næringas klimarekneskap. Dei største båtane i havfiskeflåten fiskar i dag med eit CO2-utslepp per fangst som er fire gongar høgare enn dei små båtane i kystflåten. Også fangstmetodane er svært ulike. Trålarane fiskar med aktive reiskapar, som fører til store øydeleggingar av havbotn og korallrev, mykje bifangst og mykje fangst av ungfisk. Kystflåten bruker passive reiskapar som garn, jukse og line, som er meir selektiv, og ikkje skadar havbotnen. Å leggje opp til at fisket skal gå føre seg med færre og større båtar med høgare utslepp er feil retning. 

Strukturering gjev ikkje berre ei meir klimafiendtleg fiskeflåte, det trugar også dei unge si moglegheit til å velje fiskeri som leveveg. Strukturering av fiskeflåten gjer at det blir dyrt å kjøpe seg rett til fiske av ressursane våre. Etter at fiskekvotar blei omsettelege, har utviklinga gått raskt. I dag har vi berre om lag halvparten av talet på fiskebåtar vi hadde i 2000. Det blir stadig færre fiskarar, fiskerettigheitene blir konsentrert på færre hender, og snittalderen blant fiskarar stig.

Ein WWF-rapport frå september slår fast at overfiske, forsuring og forsøpling trugar verdshava. Les meir her.

Unge utan eigenkapital
Ifølgje Torbjørn Trondsen ved Fiskerihøgskolen går det føre seg ei sterk sentralisering av torskekvotane som ei direkte følgje av strukturpolitikken dei siste 10 åra. 58 kommunar i dei nordnorske fylka har tapt rettigheiter til torskefiske, mens 21 kommunar har hatt vekst. 

Heldigvis har den minste kystflåten, flåtegruppa mellom 10 og 11 meter, sloppe unna struktureringa, og det er her rekrutteringa av unge inn i fiskeria i hovudsak skjer. Mange unge har ikkje råd til fiskekvote i dei flåtegruppene der kvotene er omsettelege i dag. For å få ei berekraftig fiskerinæring der ungdom lett kan kome inn i næringa, må struktureringa stansast, og vi kan ikkje utsette den minste flåtegruppa for same skjebne som resten av fiskeflåten. Unge sit ikkje på eigenkapitalen til å finansiere kvotekjøp, og må kunne sleppe å gjere seg sjølv til gjeldsslavar for å komme inn i næringa. 

Det burde vere ei sjølvfølgje at det fiskast med berekraftige reiskapar, at fisken skapar liv på kysten, og at unge kan velje fiskeri som leveveg. Retten til å leve av fiskeri i framtida må ikkje samlast på stadig færre og rikare hender. 

LES OGSÅ: Vann med sjøpølse-idé