Kvinner kan mindre om økonomi

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein ganske tydeleg kjønnsforskjell i den norske befolkninga. Kvinner fell frå på dei litt meir kompliserte spørsmåla om risiko, inflasjon, og renters rente.

Det seier seniorforskar Ellen K. Nyhus ved Agderforskning, som har delteke i arbeidet med ein ny rapport om finansiell kunnskap i Noreg.

Test deg sjølv: Kva kan du om økonomi?

Internasjonalt samarbeid
På seminaret «Ta del – ikke dvel!» tysdag presenterte AksjeNorge ei fersk landsdekkjande undersøking, i samarbeid med Finans Norge, Agderforskning og Finansforbundet.

I alt 1031 nordmenn har via eit webpanel svart på spørsmål om sin livssituasjon og privatøkonomi, i tillegg til åtte spørsmål som tek for seg mellom anna talforståing, reknekunnskapar og finansielle omgrep.

LES OGSÅ:  Fire av ti unge sparar ikkje

Rapporten, som er utarbeidd av TNS Gallup og forskarane ved Agderforsking, er ein del av eit større OECD-samarbeid, som tek sikte på å kartleggja og samanlikna kunnskapen mellom land.

Spørsmåla er stilt på norsk, noko som kan føra til at ein ikkje får dekt meir sårbare grupper i samfunnet.

Kvinnespørsmålet
Undersøkinga reflekterer at nordmenn er vandt med god og romsleg økonomi. Berre éin av tre nordmenn svarar at dei set opp budsjett, noko som plasserer oss på botnen blant alle dei 24 landa som har delteke i undersøkinga.

Les også:  Kvinner tjener fortsatt mindre enn menn

Nordmenn skårar generelt høgt på testen. Snittet ligg på 6,2 rette og dei fleste klarar sju av åtte, likevel er det nokre tydelege forskjellar i befolkninga:

► Unge kan mindre enn eldre

► Kvinner, i alle aldrar, kan mindre enn menn

► Dei med lågare utdanning kan mindre enn dei med høgare utdanning

► Og dei med lågare inntekt kan mindre enn dei med høgare inntekt

Professor Nyhus, som er ein av Noregs fremste ekspertar på finansiell åtferd, er overraska over at kvinner – og spesielt unge kvinner – kjem såpass dårleg ut, trass i at denne gruppa er overrepresentert ved universitet og høgskular.

Ho har difor sett nærare på kva som skil dei kvinnene som får flest rette frå dei som får færrast rette.

I snitt får kvinner under 30 år 4,9 rette, medan menn i same aldersgruppe får 6,3 på åtte spørsmål. Økonomikunnskapen stig med alder, utdanning og inntekt. 

Les også:  Nordmenn undervurderer risikoen i bustadmarknaden

Kunnskapsauke
Dei som fortel at dei har ein økonomisk buffer og kan klare seg i ein lengre periode om dei mistar inntekta, har òg betre økonomisk forståing.

– Kunnskap og økonomisk sårbarheit heng saman. Det er ein av grunnane til at me bør heva kunnskapsnivået, seier Nyhus, som understrekar at det trengs meir forsking, då ein ikkje veit kva som er årsak og konsekvens.

Nyhus stiller spørsmål ved om nordmenn har god nok kunnskap til å klara seg i dagens finansmarknad, som vert prega av større individuell fridom, men òg meir ansvar.

Kritiske ungdommar
Administrerande direktør i Finans Norge, Idar Kreutzer, er ikkje i tvil om at personleg økonomi må få ein større plass i pensum.

– Med digitaliseringa er mange tilbod berre eit klikk unna. Dei unge får stadig fleire ting å ta stilling til, difor er det viktig at dei får kompetansen til å verte kritiske forbrukarar, seier Kreutzer, som etterlyser tydlegare kunnskapsmål og betre undervisningsmateriell.

LES OGSÅ: TISA på 1-2-3-4