«Vakn opp!»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

LES OGSÅ: Vinnar av skrivekonkurranse: – Det kunne vore oss

Kan du tenkje deg korleis det må vere å komme til eit framand land, og alt du har er kleda du har på deg og handa til mor di, alt anna har du flykta ifrå? I tillegg blir du ikkje akseptert av befolkninga i det nye landet.

LES OGSÅ: «Eg var flyktning ein gong. I dag står eg her»

Kvardagsrasisme
Mange tenkjer at Noreg har komme så langt i utviklinga innanfor jamstilling, at me ikkje har noko rasisme og urettferd i landet. Me er tross alt eit av dei landa som har høgast prosentdel innanfor jamstilling i arbeidslivet. Men det er fortsatt rasisme i Noreg. Rasismen og alle fordommane mange av oss nordmenn har til utlendingar er kanskje litt vanskeligare å få auge på, fordi mange av hendingane skjer utan at me tenkjer så veldig mykje over det. Mykje av den typen rasisme som går føre seg i Noreg, er kvardagsrasisme. Kvardagsrasisme er rett og slett at ein aksepterer utan å reagere. Denne type rasisme førekjem over alt i Noreg. Eg merkar sjølv at eg er ein del av ”oss nordmenn” som er mot ”de andre”,  dei som er annleis.

LES OGSÅ: Å vise hjerterom

Blir automatisk redd
Eit av tilfella der eg personleg, og sikkert mange andre nordmenn, gjer kvardagsrasisme, er når eg møter ein mørkhuda mann på veg heim om kvelden. Då blir eg automatisk redd. Eg vil ikkje vere redd og vel ikkje sjølv å vere det, men det er noko eller nokon inni meg som seier at han er farleg. Det er på ein måte mange menneskjer inni hovudet mitt som roper at han er farleg. Eg torer ikkje å sei imot dei, fordi dei er så mange fleire og sterkare enn meg som går der for meg sjølv med musikk i øyrene. Sjølv om eg er ein person som snakkar med alle, vel eg kvar gong å sjå ned i bakken, i staden for å seie hei til han. Dette ville eg sannsynlegvis ikkje gjort viss det var ein lyshuda mann eg møtte.

LES OGSÅ: Sjå opp frå navelen din, Ola!

Alle kan hjelpe
Når det kjem til oss som lever eit heilt normalt og fint liv i vesle Noreg, så kan me gjere mykje forskjelleg for å hjelpa dei som kjem til landet vårt og spør om hjelp. Eg snakkar ikkje om dei store tinga, som å donere 50.000 kr til den lokale flyktninghjelpen. Men eg snakkar om dei små tinga som alle kan gjer, og som burde vere sjølvsagt at me gjer, men som ikkje er sjølvsagt i samfunnet i dag. Me kan setje oss inn i deira kultur og deira tradisjonar. Det er mykje enklare å akseptera nokon når du forstår deira synspunkt og deira verdiar. Me kan også gjere ein så alminneleg ting som å slå av ein prat med ein i den nye familien borti gata, eller kanskje invitere dei heim på middag.

LES OGSÅ: Hva betyr det lille røde passet?

Flinkare til å inkluder
Me som er ungdommar i dag, kan også gjere ein forskjell når det kjem til å inkludera andre ungdommar som for eksempel er flyktningar. Me kan bli kjent med dei, med å invitera dei med på forskjellege fritidsaktiviteter eller filmkveldar. Viss du synest det er vanskeleg å finne på noko de kan gjere saman, må du berre tenkje på kva du pleier å gjere samen med venene dine. Fordi sjølv som dei kjem ifrå eit anna land, så er dei også ungdommar som liker å gjere mange av dei same tinga som du og venegjengen din likar å gjere.

Eg er lei av at me berre ser på utlendingar som ein utgiftspost. Me må vakne opp og begynne å sjå på dei som våre nye landsmenn og som gode ressursar til samfunnet vårt.
 

Hanne Ødegård Ramsli frå 1.klasse ved Lister videregående skole i Flekkefjord sendte inn teksten ”Vakn opp!” i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett.no.