Sametinget støttar ikkje skulptur av samepioner

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For få samar i Mosjøen

Elsa Laula Renberg er grunnleggjaren av samefolkdagen. No har Sametinget avslått ein søknad om pengestøtte til ein skulptur av henne i Mosjøen der ho levde og er gravlagd. Grunngjevinga er at det bur for få samar der.

LES OGSÅ: Kven bryr seg om Sametinget?

– Eg vart heilt forferda. Vi kan jo ikkje skrive om historia og plassere henne i Finnmark, berre fordi det bur fleire samar der, seier parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet på Sametinget Vibeke Larsen til NRK.

Ho er oppgitt over at Sametinget har avslått søknaden om 200.000 kroner med grunngjeving om at «beliggenheten vil begrense statuens nytteverdi for en stor del av den samiske befolkningen.»

Sametingsråd ved Sametinget Henrik Olsen seier Sametinget dessverre har avgrensa midlar, men at dei er svært takknemlege for initiativet.

– Den fagleg vurderinga som er gjort viser til at plasseringa kunne føre til eit avgrensa besøkstal. Eg forstår skuffelsen og argumenta for ein statue der, men vi kan ikkje finne rom for å støtte prosjektet, seier Olsen til NRK.

LES OGSÅ: Snakk samisk t’ mæ

Aktiv og engasjert
Renberg vart født i Hattfjelldal på Helgeland i 1877, men flytta til Vefsn då ho gifta seg. Ho utdanna seg til jordmor, fødte seks barn og kjempa for samerettar i ei tid då det ikkje var lett å vere verken kvinne eller same. I 1917 arrangerte ho, saman med Kvinneforeningen, Ellen Lie og Anna Löfwander-Järwson, det første samiske landsmøtet. Møtet vart halde i Trondheim og samla over 100 deltakarar. Møtet er grunnlaget for feiringa av samefolkdagen. (©NPK)

LES OGSÅ: Dei Grøne vil ha fri på samedagen

Faktaboks

Elsa Laula Renberg (1877-1931)

Samisk organisasjonspioner

Stifta verdas første sameforeining i Sverige i 1904

Arrangerte det første landsdekkjande samemøtet i Noreg i 1917

Engasjerte seg i samiske spørsmål, og jobba særleg for den nye reindriftslova, som vart vedteken på Stortinget i 1933

Kjelde: SNL