Amalie (22) har aldri vore i Karasjok – no skal ho på Sametinget
Amalie Hansen Kristiansen Raste (22) er ein av tre representantar født etter 1995 som har sikra seg plass på Sametinget.

– Det er veldig surrealistisk, seier Amalie Hansen Kristiansen Raste (22) på telefon til Framtida frå Kautokeino.
Dei siste dagane har ho venta spent på resultatet frå Sametingsvalet. Ho stilte som 3.-kandidat for Norske Samers Riksforbund (NSR) i valkrinsen Gáisi, der Tromsø kommune har ansvaret for oppteljinga.
Der har resultatet late vente på seg, men onsdag kveld vart det klart at ho kapra eit mandat, og med 99 prosent av stemmene talt opp no, blir ho den yngste representanten på Sametinget, og ein av tre representantar født etter 1995.
Dei tre er Maren B. Nystad Storslett (29), Aina Madelén Nordsletta Aslaksen (25) og Amalie Hansen Kristiansen Raste (22). Alle er frå NSR.
Fyrste gang i Karasjok
Representantane skal møtast for fyrste gong på Sametinget 15. oktober.
Raste trur det blir ganske spesielt å faktisk kome inn på Sametinget, med ein heilt annan kvardag.
– Det blir ei endring for livet. Eg har aldri vore i Karasjok, så det blir kult at fyrste gongen der blir å fare til Sametinget.
Korleis fungerer sametingsvalet?
Valet til Sametinget skjer samstundes som valet til Stortinget.
Sametinget har totalt 39 representantar, eller mandat, med minst to kvar frå dei sju valkrinsane i landet. Dei 25 siste mandata blir fordelt ut frå valmanntalet til Sametinget under førre kommuneval, som i 2023 var 23 488 personar.
Oppteljinga tek ofte lengre tid enn Stortingsvalet, sidan stemmer frå heile landet må fraktast til ein godkjent teljestad.
Valkrinsane til sametingsvalet 2025
Austre valkrins/ Nuortaguovllu válgabiire 1: Kommunane Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Tana, Berlevåg, Lebesby og Gamvik i Finnmark fylke.
- 5 mandat
Ávjovárri valkrins/Ávjovári válgabiire 2: Kommunane Karasjok, Kautokeino og Porsanger i Finnmark fylke
- 6 mandat
Nordre valkrins/Davveguovllu válgabiire 3: Kommunane Nordkapp, Måsøy, Hammerfest, Alta, Hasvik, Loppa, Skjervøy, Kvænangen og Nordreisa i Troms og Finnmark fylke.
- 6 mandat
Gáisi valkrins/Gáiseguovllu válgabiire 4: Kommunane Kåfjord, Storfjord, Lyngen, Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Senja, Tranøy og Sørreisa i Troms fylke.
- 6 mandat
Vesthavet valkrins/Viestarmera válggabijrra/Viesttarmeara válgabiire 5: Kommunane Dyrøy, Salangen, Lavangen, Gratangen, Ibestad, Harstad, Bjarkøy, Kvæfjord i Troms fylke og kommunane frå og med Saltdal, Beiarn og Meløy og nordover i Nordland fylke.
- 5 mandat
Sørsamisk valkrins/Åarjel-Saepmie veeljemegievlie 6: Kommunane frå og med Rana og Rødøy og sørover i Nordland fylke, Trøndelag fylke, kommunane Surnadal og Sunndal i Møre og Romsdal fylke og kommunane Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal i Innlandet fylke.
- 4 mandat
Sør-Noreg valkrins/Lulli-Norgga válgabiire 7: Dei kommunane i Møre og Romsdal og Innlandet fylke som ikkje tilhøyrer valkrins 6, i tillegg til fylka Vestland, Rogaland, Agder, Telemark, Buskerud, Vestfold, Akershus, Østfold og Oslo.
- 7 mandat
Kjelde: Sametinget
I år har Sør-Noreg valkrins gått opp til sju mandat, medan Ávjovárri valkrins (Karasjok, Kautokeino og Porsanger i Finnmark) har gått ned til seks mandat.
11. september gratulerte Nordkalottfolket NSR med valsigeren. NSR får 18 mandat totalt, eit meir enn ved førre val og vil truleg få fleirtal saman med Arbeidarpartiet, som fekk fire mandat, eller Samefolkets parti og Flyttsamelista, som fekk eit mandat kvar.
Samstundes har Nordkalottfolket gått mykje fram, og ligg på 15 mandat, ein vekst på seks representantar.
Flinke til å inkludere
I likskap med i 2021, er alle representantane under 30 år som kjem inn på Sametinget frå NSR. Ifølgje partiet blir snittalderen på det komande Sametinget 48,7 år.
Raste meiner at NSR er flinke til å tenke på mangfald når dei vel listene sine.
Både kjønn, alder, og kva samisk bakgrunn ein har er med i vurderinga. Sjølv har ho sjøsamisk bakgrunn.
– Vi skal jo representere alle samar. Eg kan ikkje alt, men eg kan sjå meg att i fornorska ungdom som prøver å kome seg inn i det samiske.
Vil jobbe for språk og mot hets
Raste byrja nyleg å jobbe på ein sjukeheim i Kautokeino, i tillegg til å vere resepsjonist på eit hotell. Spesielt på sjukeheimen får ho praktisert språket med både tilsette og dei eldre.
– Det er jo ganske gøy, ein ser jo at dei lyser opp når eg pratar samisk med dei.
Å sørgje for at alle har tilgang til språkopplæring er ei av sakene ho brenn for. Raste vil også jobbe for at det samiske skal bli ein meir naturleg del av samfunnet, utan hets og trakassering.
– Eg har opplevd å bli joika etter, og blitt prata til på ein seksuell måte fordi eg er same, fortel ho.
Då ho tok del i Fosen-demonstrasjonane i Oslo i 2023, fekk ho spørsmål av framande om å joike.
– Samfunnet er jo mykje betre no kontra før, men vi veit at samar opplever hets når dei står fram i media, uansett om det er positive eller negative artiklar.
Bytta parti på grunn av hard retorikk
– Akkurat no er vi veldig fornøgde. Det er veldig godt jobba at vi har sete i posisjon i åtte år og framleis veks, seier Aina Madelén Nordsletta Aslaksen (25) på telefon til Framtida.
Ho er fyrstekandidat for NSR i Sør-Noreg, og blir nest yngst på Sametinget. Ho har jobba for NSR på Sametinget og i Oslo, men dette blir hennar fyrste periode som folkevald.
For fire år sidan stilte Aslaksen som kandidat på 3. plass for motstandaren Nordkalottfolket.
– Det er alltid litt vanskeleg å forklare, men eg opplevde at retorikken vart mykje hardare i NKF enn då eg melde meg inn i 2020, seier Aslaksen (25) på telefon til Framtida.
Spesielt utsegn mot reindrifta vart vanskele for ho, som sjølv har familie i næringa.
– Det kom til eit punkt der eg håpa at ingen kom til å seie noko om politikk når eg kom heim, for eg kunne ikkje svare for nokre av dei tinga som politikarane sa, fortel ho.
Sidan politikk alltid vore ein del av praten rundt kjøkkenbordet for Aslaksen, var det teiknet for å finne seg eit anna parti.
Samisk uansett kvar du bur
Aslaksen budde i Karasjok fram til ho var seks år, og har nordsamisk som morsmål. Då familien seinare flytta til Lillestrøm, merka ho kor mykje miljøet har å seie for språket.
– No som då brenn eg for inkludering og at alle skal ha eit tilbod, både språktilbod og møteplassar. Det samiske skal vere tilgjengeleg uansett kvar ein bur, og ikkje noko ein må kjempe for.
Då ho gjekk på barneskulen, reiste inn til Oslo vekentleg for å få samisk-undervisning. Aslaksen meiner ho var heldig, sidan ho var gamal nok til at språket allereie sat godt, medan veslesystera ikkje byrja å prate samisk før dei flytta nordover att.
Ho vil jobbe for at unge i same situasjon skal få betre tilbod.
– Det er ein av dei viktigaste tinga eg vil jobbe for. Samiskspråkleg barnehageplass for alle, samisktalande tilsette i skulen, og moglegheita til å prate samisk på ein vanleg arena, ikkje berre fjernundervisning på skjerm..
Dette er dei tre representantane født etter 1995:
Amalie Hansen Kristiansen Raste (22)
Frå: Eidkjosen i Troms
Parti: Norske Samers Riksforbund
Valkrins: Gáisi
Yrke: Jobbar i resepsjon på hotell og på sjukeheim
Raste har studert samisk på den Samiske Høgskolen og jobbar no i Kautokeino. Dette blir hennar fyrste periode på Sametinget.
Aina Madelén Nordsletta Aslaksen (25)
Frå: Bur i Oslo, men vaks opp i Karasjok, Tana og Lillestrøm
Parti: Norske Samers Riksforbund
Valkrins: Sør-Noreg
Yrke: Politisk rådgjevar for NSR og sametingsgruppa
Aslaksen har jobba for NSR i Sør-Noreg og på Sametinget, og har vore organisasjonssekretær for ungdomsutvalet NSR Nuorat tidlegare. Ho var vara for Nordkalottfolket på Sametinget, før ho meldte seg ut av partiet i 2022.
Maren B. Nystad Storslett (29)
Frå: Kautokeino i Finnmark
Parti: Norske Samers Riksforbund
Valkrins: Ávjovárri valkrins
Yrke: Heiltidspolitikar etter ho vart valt inn i Sametingsrådet i 2024.
Nystad var den yngste valt inn i førre periode, men møtte på tinget som vara og trainee før det. Ho har vore medlem av Oppvekst-, omsorgs- og utdanningskomiteen, og vart ein del av sametingsrådet i 2024.