Dei Grøne vil ha fri på samedagen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gi alle fri på samedagen

Bakgrunnen for utspelet er at kong Harald i ein tale til Sametinget i 2009 sa at staten Noreg er etablert på territoriet til to folk.

– Dette er rett, og me meiner at det er naturleg å markera dette gjennom å likestilla 17. mai og samedagen, gjennom å gi fri på begge dagane, seier fylkestingsrepresentant for partiet og toppkandidat til stortingsvalet i Hordaland, Tom S. Tomren.

Han meiner også at miljøet tener på at befolkninga får meir fri, i staden for meir lønn.

– Me må bremsa forbrukskarusellen og gi rom for at folk kan bruka tid saman. Ein ny fridag på samane sin høgtidsdag vil derfor vera god miljøpolitikk. Den samiske kulturen har vore basert på nærleik til naturen, og eg er sikker på at ein dag med søkjelys på samisk kultur vil bidra til å auka medvitet om samspelet mellom natur og kultur, seier han i ei pressemelding.

Miljøpartiet Dei Grøne fremjar forslaget i eit brev til Fornyings- og administrasjonsdepartementet og til Sametinget. Sidan den samiske befolkninga er spreidd over fire land, vil partiet også venda seg til søsterpartia sine og be om at det same forslaget blir fremja der.

Kva synest du om forslaget?