Skatteetaten vil ha innsyn i Panama-dokument
DNB må forklara seg for næringsministeren etter skatteparadis-avsløringane. Samtidig ber skatteetaten om innsyn i dokument som er leke frå advokatfirmaet i Panama.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Aukar risikoen for skattesnyting
Heile 2.620 gigabyte med dokument er leke frå advokatkontoret Mossack Fonseca. Dei inneheld mellom anna opplysningar om nordmenn som har fått hjelp av dotterselskapet til DNB i Luxembourg til å oppretta selskap i skatteparadiset Seychellene, avslørte Aftenposten søndag. Også Nordea vedgår å ha hjelpt kundar med å etablera selskap i skatteparadis. Begge bankane beklagar no praksisen.
– Saker som dette viser kor viktig det er å prioritere internasjonalt samarbeid, utveksling av opplysningar og felles innsats mot skattesnyting, seier skattedirektør Hans Christian Holte.
LES OGSÅ: Kåre Willoch ut mot selskap som plasserer pengar i skatteparadis
Vil ha innsyn
Holte strekar under at det ikkje er forbode å ha pengar og verksemd i utlandet, men skattedirektøren ønskjer likevel innsyn i dokumenta.
– Det vil alltid vera namn på slike lister, som har ført summane i sjølvmeldinga slik dei skal. Men det vi ser av økonomisk aktivitet over landegrenser og bruk av skatteparadis, aukar risikoen for skattesnyting, seier Holte.
Også Finanstilsynet vil følgja opp saka og be om ei forklaring frå styra til bankane som er omfatta av saka, opplyser direktør Morten Baltzersen.
– Innanfor ramma av det europeiske tilsynssamarbeidet vil Finanstilsynet også ta opp saka med finanstilsynet i Luxemburg, seier han.
– Norske bankar skal ikkje leggja til rette for ulovleg verksemd, som skattesnyting. Det gjeld også verksemda til bankane som blir drive i dotterselskap eller filialar i andre land, strekar Baltzersen under.
LES OGSÅ: Vil hindra skattesnusk i fattige land
Krev gransking
Tax Justice Network Norge meiner Stortinget må krevja ei gransking for å følgja opp avsløringane om korleis DNB har hjelpt kundar med å oppretta selskap i skatteparadis.
– Avsløringane viser at kampen mot skatteparadisa langt frå er vunne, og at tiltaka som har blitt gjort til no har vore altfor puslete, seier dagleg leiar Sigrid Klæboe Jacobsen. Ho meiner saka vitnar om svikt i mange ledd.
– Avsløringane viser berre toppen av isfjellet, seier ho.
Styret i DNB har bede om ei forklaring frå konsernsjef Rune Bjerke om praksisen som gjekk føre seg mellom 2006 og 2010. Bjerke, som sjølv var sjef i mesteparten av perioden, beklagar no praksisen.
– Ikkje fordi kundane har gjort noko gale, men fordi strukturane kunne misbrukast til å unndra skatt, skreiv Bjerke i ei pressemelding søndag.
BI-professor Petter Gottschalk seier til P4 at det ville vera ei viktig symbolhandling om Bjerke trekte seg som DNB-sjef, men næringsminister Monica Mæland (H) nøyer seg i første omgang med å krevja ei forklaring frå styret i selskapet.
– Denne forklaringa blir offentleg, seier ho.
LES OGSÅ: Krev openheit i skatteparadis
Kan bli endringar
Partia på Stortinget er i innspurten av arbeidet med ei skattereform som kan gjera det vanskelegare for bedrifter og personar å plassera pengar i skatteparadis.
– Avsløringane i Aftenposten forsterkar merksemda vår om reglar mot skatteflukt. Eg oppfattar at alle parti er einige om at vi skal sikra skattebasen i eige land, seier leiar for finanskomiteen Hans Olav Syversen (KrF) til NTB.
Han vil ikkje røpa nokon detaljar, men stadfestar at problematikk knytt til skatteparadis har vore del av samtalane om ei skattereform på Stortinget.
Etter det NTB erfarer legg partia opp til gruppebehandling av ei skisse til semje om skattereforma når stortingsgruppene møtest onsdag.
– SV har lenge føreslege ei rekkje tiltak for å stoppa skatteflukta frå Noreg. No må stortingsfleirtalet følgja opp. Mykje kan gjerast i forhandlingane om skattereform allereie denne veka, seier SVs finanspolitiske talsperson Snorre Valen. (©NPK)