Forskarar reagerer etter at Per Sandbergs krav om at havforskarar skal heie fram oppdrettsnæringa. 

NTB-NPK
NTB-NPK

Etter eit møte torsdag mellom Havforskingsinstituttet (HI), Fiskeridepartementet og Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) uttalte fiskeriminister Per Sandberg (Frp) at forskarane på instituttet skal vere næringsvennlege, ifølge Bergens Tidende.

Møtet kom i stand etter at sjømatforeininga har kritisert forskinga på HI, og blant anna sendt uromelding til departementet om ein forskingsrapport.

Må lage modellar for å nå måla
Sandberg svarte med å foreslå å opprette eit rådgivande organ som skal støtte HI, i tillegg til at organet skal gjennomgå den aktuelle rapporten.

LES OGSÅ: «Unge må kunne velje fiskeri som leveleg»

Statsråden seier til avisa at HI er og skal vere eit næringsvennleg institutt, som skal dele ambisjonane som regjeringa har for vekst i oppdrettsnæringa.

– HI skal legge til grunn at det er forsvarleg, og då må dei lage modellar som gjer det forsvarleg å nå dei måla, seier fiskeriministeren.

Skal ikkje heie på noko som helst
Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen kjem med eit klart svar til kravet frå statsråden: – Det er ikkje oppgåva til Havforskningsinstituttet å heie på noko som helst. Dei skal vere objektive, slik at politikarane har det best moglege vitskapelege grunnlaget for avgjerdene sine.

Han påpeiker at oppdrett er ein viktig del av norsk økonomi, og det er politisk vedtatt at ein skal auke den verksemda.

– Det må skje innanfor ei berekraftig utvikling, og det er opp til HI å analysere kva som er ei berekraftig forvaltning innanfor oppdrettet, seier universitetsrektoren.

LES OGSÅ: Fiskarar bidreg til reinare hav

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

ANNONSE