Veit ikkje kor mykje kol Kina bruker

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med over ein fjerdedel av dei globale utsleppa på si kappe, er Kina det landet i verda som slepp ut mest CO2. Størsteparten kjem frå det høge forbruket av kol i landet.

Den nylege nedgangen i kinesisk økonomi har fått nokre til å augne håp om at landet vil kunne tøyle utsleppa sine raskare enn planlagt. Mange har også varsla om at dei kinesiske CO2-utsleppa har gått ned, deriblant det Internasjonale energibyåret (IEA) og Greenpeace.

LES OGSÅ: Kvit vinterpels blir utdatert

Ein artikkel publisert i tidsskriftet Nature Climate Change sår tvil om kor påliteleg offisiell kinesisk energistatistikk er.

CICERO-forskarane bak artikkelen konkluderer med at det trass i at forbruket av kol ser ut til å gå ned i Kina, er for tidleg å slå fast at kinesiske utslepp av drivhusgassen CO2 gjer det same.

Ikkje sikre på kor mykje kol Kina bruker
Forskarane er sikre på at Kina både produserer og forbruker like mykje kol som resten av verda til saman. Det er langt mindre semje om akkurat kor mykje kol Kina faktisk bruker, og kor mykje CO2 landet slepp ut.

Kina gir ut mykje statistikk om energiforbruket sitt, men forskarane åtvarar mot å gjere raske slutningar basert på dette. Problemet er nemleg at tala ofte ikkje er einige med seg sjølv, og stadig vert endra.

Cicero-forskarane har undersøkt kva styresmaktene i Kina baserer statistikken sin på, og kvifor den endrar seg.

 Det er freistande å kaste seg over det siste talmaterialet frå Kina og rapportere ei kvar god nyheit. Vi finn at førebels energistatistikk frå Kina er upåliteleg, og at den mest tilgjengelege statistikken ofte er utilstrekkeleg for å estimere utsleppa, seier forskar Jan Ivar Korsbakken i ei pressemelding frå CICERO.

Analysar som tyder på at kinesiske utslepp går ned byggjer i stor grad på tidleg statistikk over kolforbruk. Desse tala gir ikkje eit nøyaktig bilete av utsleppstrendane, syner analysen frå CICERO.

LES OGSÅ: Åtte av ti er bekymra for klimaendringane

Betre kvalitet gir høgare utslepp
Til dømes synte førebels statistikk for 2014 at kolforbruket gjekk ned 2,9 prosent. Seinare kom det meir detaljert statistikk, og det vart meldt at forbruket hadde gått litt opp, og til sist at det hadde gått ned med kring 0,7 prosent. Etter dei siste tala for kol-, olje- og gassforbruk anslår forskarane at CO2-utsleppa gjekk opp med kring ein halv prosent.

Også i 2015 er det store skilnadar i dei offisielle tala. Ein av forskarane bak artikkelen, Glen Peters, forklarar at dersom ein legg saman all fossil energi, har utsleppa i landet gått litt ned i 2015, med 0,1 prosent. Men grunna uvissa i statistikken er det ikkje mogleg å slå fast om utsleppa av CO2 gjekk opp eller ned i 2015.

Eit klårt svar får vi kanskje ikkje før i 2019 eller 2020, då den neste store gjennomgangen av utsleppa er planlagt, ifølgje forskarane.

Langvarige problem
Statistikken frå Kina har lenge fått talknusarane til å klø seg i hovudet. Til dømes er skilnaden mellom nasjonale og regionale tal stor nok til å dekkje den bebygde delen av Oslo i eit 10 meter tjukt lag av kol, skriv forskarane på CICERO sine nettsider.

Uvissa i tala kjem mellom anna frå mangelfull innsamling av statistikk, og at bedrifter som har lokaler i meir enn éin provins vert talde fleire gongar. Ei anna forklaring er at provinsleiarane overdriv tala, fordi dei vert evaluert etter økonomisk vekst, men denne teorien er i liten grad støtta av bevis. Det er også fleire andre problem med kinesisk statistikk.

På den ljose sida er det likevel slik at veksten i utsleppa går langt saktare enn i førre tiår.

LES OGSÅ: Klimaforskaren som ikkje flyr

Faktaboks

Kjelde: Artikkelen «Uncertainties around reductions in China’s coal use and CO2emissions» publisert i Nature Climate Change, 2016. Authors: Jan Ivar Korsbakken, Glen P. Peters and Robbie M. Andrew.