Kvit vinterpels blir utdatert

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er mengda dagslys som set i gang forvandlinga frå sommardrakt til kvit vinterpels hos dyra, ikkje mengda med snø. 

– Særleg haren må tilpassa seg framover, elles døyr han ut. For tida skjer klimaendringane raskare enn evolusjonen, og kvite dyr har feil farge store delar av vinteren fordi snøen uteblir mange stader, seier Jo Inge Breisjøberget, fagsjef for jakt og fiske i Statsskog til Newswire.no.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redde verda

Som ei lyspære
Harejeger og forskingssjef Hans Christian Pedersen ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) er òg bekymra.

– Ein hare i vinterpels på barmark lyser som ei lyspære mot underlaget. Det gjer han veldig sårbar for flygande rovdyr som kongeørn, hønsehauk og hubro, seier Pedersen.

Kamuflasje er årsaka til at fleire arter i norsk fauna over tusen av år har utvikla vinterstida til kvit pels.

På byrjinga av 1990-talet vart det felt over 50.000 harar i året. Sist jaktår vart det innrapportert berre 17.560, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Rypebestanden har hatt ein endå brattare nedgang.

Nedgangen er årsaka til at begge i fjor hamna på raudlista over truga dyrearter.

At snøfattige vintrar gjer ryper og harar til eit lettare byte for rovdyr, er truleg berre éi årsak.

– For harane sin del speler truleg òg endra hjorteviltbestand inn. Fleire elg og hjort tyder konkurranse om maten vinterstid. Hjortevilt et typisk haremat som skot og kvist på rogn, selje og osp, seier Pedersen.

LES OGSÅ: Fryktar at nazi-bjørnar skal invadera Noreg