Suksesserien Girls vert både hylla og slakta.

Faktaboks

Katherine Bell (2013) “Obvie, We're the Ladies!” Postfeminism, privilege, and HBO's newest Girls, Feminist Media Studies, 13:2.

Serene Daalmans (2013): “I'm Busy Trying to Become Who I Am”: Self-entitlement and the city in HBO's Girls, Feminist Media Studies, 13:2.

LES FAKTALUKK FAKTA

Har du endå ikkje sett HBO-serien Girls, om Brooklyn-baserte Hannah og vennegjengen hennar? Då er det på tide.

Om du ikkje er ei leseløve, kan det vel ikkje vere noko betre enn å bruke påska på å dukke inn i ein av dei seriane du endå ikkje har fått tid til.

Serien Girlssom no er no inne i sin femte og nest siste sesong, har vorte hylla for si ærlege og til tider lite flatterande framstilling av både kropp, sex og ein generasjon unge som ikkje veit heilt kvar dei vil. I fyrste episode annonserer Hannah med brask og bram at ho kan vere «the voice of a generation. Or at least a voice. Of a generation», noko også serieskapar og hovudrolleinnehavar Lena Dunham ligg an til å bli.

Dunham har i løpet av få år vorte eit feministikon, som mellom anna brukar stemma si for organisasjonen Planned Parenthood.

Ikkje overraskande har også forskarar kasta seg på. Og analysane sprikar. Nokre meiner jentene framstår som ein gjeng sytete, privilegerte middelklasse-kvinner. Andre hyllar Lena Dunhams uttalte feministiske mål og måten ho harselerer med karakterane sine.

Sjølvopptatte og sytete
I tillegg til Hannah, vert vi godt kjent med venninnene Jessa, Marnie og Shoshanna. Kvinnene har  høgare utdanning og er i midten av tjueåra. Samstundes er dei framleis økonomisk avhengige av foreldra og snublar stadig i jakta på seg sjølv.

LES OGSÅ: Men spelelista mi får du aldri…

Hannahs sjølvrettferdige monologar om alt frå utforsking av eigen identitet til kor dårlege vener ho har, er dessutan notoriske i serien.

Sytinga vert ikkje oversett.

I ein artikkel publisert i journalen Feminist Media Studies, skriv Serena Daalmans  at ho har eit ambivalent forhold til serien. Daalmans er doktogradsstipendiat i kommunikasjonsvitskap ved det nederlandske universitetet Radboud Universiteit Nijmegen.

 På den eine sida set eg stor pris på den bitre, sjølv-ironiske humoren til Hannah Horvath, den modige og rett-fram-tilnærminga til tabu som abort, dei naturlege og ærlege sexscenene, og at serien feirar betydinga av kvinneleg vennskap*, skriv Daalmans om serien.

På den andre sida er ho kritisk til ideen om at jenter i tjueåra er så «sjølvopptekne, sjølvrettferdige og så blotta for evne til å definere seg sjølv utan mannleg påverknad».

Daalmans meiner Hannah og venninnene framstår bortskjemte og umodne. Ho kritiserer også Hannahs behov for at noko skal skje i livet hennar, utan at ho sjølv tek kontroll.

Sjå Lena Dunham svare på kritikken mot Girls.

Youtube.

Let seg definere av menn
Endå meir problematisk er Hannah, Jessa, Marnie og Shoshanna sine forhold til menn, meiner stipendiaten.

Ifølgje Dalmaas er det nemleg i relasjonane til menn at dei fire hovudpersonane i serien i størst grad vert definerte. Ho løftar eksempelvis fram korleis Hannah stadig har «klein, nedverdigande og ubeskytta sex» med Adam. Ho innfrir hansfantasiar, på hanspremiss. Den same kritikken vart i si tid retta mot Sex og singelliv, føregjengaren til Girlspå HBO. Der tek karakteren Miranda sjølv eit oppgjer med den evige kverninga om menn:

– It’s like seventh grade but with bank accounts. What about us? What we think, we feel, we know, Christ! Does it always have to be about them?

LES OGSÅ: «Justin Bieber syng som ei jente»

Hannahs største kritikar er Dunham sjølv
Ei ganske anna tolking av Girls kan ein finne hos professor Katherine Bell, som mellom anna har forska på litteratur og ungdomskultur. I ein artikkel i den same journalen, tek ho opp kritikken som har vorte retta mot mangelen på mangfald i Girls. Castinga avfire kvite, privilegerte jenter lever ikkje opp til korkje tittelen på serien eller Dunhams uttalte feministiske mål.

Samstundes legg Bell vekt på den ironiske undertonen i serien, som ho meiner er eit av dei sterkaste elementa ved Girls. Bell argumenterer for at Dunham sjølv er den skarpaste og mest treffsikre kritikaren av karakterane ho har skapt.

LES OGSÅ: Web-seriar får fram fleire stemmer, perspektiv og mangfald

Gjennom harselering med jentene og ved å plassere dei i balansepunktet mellom dei mange konfliktane unge kvinner er i, granskar serieskaparen viktige spørsmål knytt til feminisme og privilegium. Særleg rosar Bell serien for korleis den utforskar den både mellombelse og langdryge posisjonen som unge vaksne er i.

– Vi kan le av, og ikkje berre med, karakterane, men vi risikerer å trivialisere ungdom viss vi overser betydinga av Marnies «falske vaksen-møblar» og at Hannah avslår å tilbringe tid med foreldra fordi ho er «opptatt med å prøve å bli den eg er» (sesong 1, episode 1). Dette er spegla i siste episode, der Hannah avslår å la Adam flytte inn av same grunn*, skriv Bell.

I serien granskar dermed Dunham mellom anna ideen om dei privilegerte kvite jentene som prøver å finne sin plass – og korleis nettopp denne ideen påverkar jentenes prosess med å bli vaksne.

LES OGSÅ: No kjem MacGyver tilbake – som kvinne

*vår omsetjing

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE