God påske!

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Les dette i påska!

Framtida.no-redaksjonen tilrår å bruke påska til å lese. Og ikkje kva som helst. Her er nokre av våre favorittar:

1. Svart belte (Marianne Håheim)

2. ZWEET (Marit Kaldhol)

3. Skippy dør (Paul Murray)

4. Historien om Pi (Yann Martel)

5. Alice A4 (Inger Bråtveit)

6. Jakta på firkløveren (Christian Wiik Gjerde)

7. Barsakh (Simon Stranger)

8. De som ikke finnes (Simon Stranger)

Skriv om eigne eteforstyrringar
Når Marianne Håheim skriv om sine eigne eteforstyrringar, inviterer ho lesaren heilt inn. Debutromanen Svart belte får meg til å vende meg vekk.

Samstundes vil eg høyre meir om tenåringen frå Jølster, som samlar spyet sitt i plastposar og ber det med seg for å kaste i framande bosspann. Ho som har blodårer så tynne at sjukesøstrene på legekontoret ikkje klarar å ta blodprøver og som ser ut som ein gamal mann i ei for stor skjorte.

For den som orkar, ligg her ei skremmande god og grundig skildring og ventar.

LES INTERVJU MED FORFATTAREN: «Julefeiringa er ein stor trium for meg»

Lær av biene og bi yourself!
Lurer du på korleis toleranse for bier kan henge saman med det å vere annleis? Marit Kaldhol har skrive ei original og lettlest bok om Lill-Miriam, som har eit syndrom, og som er veldig oppteken av bier. Forteljinga er ikkje berre rørande og spanande. Her kan ein også lære mykje både om og av biene!

Biene har si eiga form for kommunikasjon:

dei dansar.

Ein gong skal eg lære å danse som ei honningbie.

Kven vil forstå?

Karl von Frisch, entomolog.

Men han er død.
(frå ZWEET).

Les om forfattar Marit Kaldhol sitt forhold til bier.

Toppen av donuten
Tittelen Skippy dør gjer det klinkande klart kva som skjer, men det er ikkje har spenninga i denne tragisk komedien ligg. Den irske forfattaren Paul Murray skildrar livet til supernerden Ruprecht og den vesle kameraten Skippy, som går på ein katolsk internatskule for gutar. Skippy vert forelska og kjem i trøbbel med bølla Carl. Men det er berre toppen av donuten, som tilsynelatande vert Skippy sin bane.

Det dyrekjøpte livet
Med Historien om Pi har Yann Martel skrive ein moderne klassikar, som har det i seg å snu opp ned på lesaren si verd. Indiske Pi fortel si fantastiske historie til ein kanadisk forfattar (ikkje ulik forfattaren sjølv). Den no vaksne mannen skildrar sin oppvekst i familiens dyrehage, hans møte med dyreverda og dei store verdsreligionane og ikkje minst om korleis han overlevde eit skipsforlis i ein redningsbåt, saman med ein tiger. Ingenting er som du trur.

Alice på veg til Eventyrland
Alice A4, som i år var nominert til Ungdommens kritikarpris, er ei intens lesaroppleving. Alice er ei viljesterk jente i møte med ein eldre og mørkare mann. Forfattar Inger Bråtveit har latt seg inspirere av «Alice i Eventyrland». Ho skildrar livet og reisa til Alice med eit impulsivt og målarisk språk, som i aller høgste grad snakkar til kjenslene. Lesaren vert riven med i opplevingane til unge jenta, som er i ferd med å bli vaksen.

LES INTERVJU MED FORFATTAREN: «Å latterleggjera unge jenter er veldig lett og veldig vanleg»

Jakta på firkløveren
Christian Wiik Gjerde, kjent frå NRK Super, deputerte tidlegare i år med Jakta på firkløveren. Det er sommarferie og skulefri. Alvar og Jens badar med Gulla, leitar etter firkløver, har klubbmøte i trehytta – ja, dei gjer alt det kjekke ein kan gjere på ei øy uti havgapet. Men når ein ny gut flyttar til øya, blir det sjalusi, krangel og forviklingar. Alvar må finne den vesle helten i seg, og det litt kjapt. Boka er ei sjarmerande og morosam bok som passar dei fleste aldrar.

LES OGSÅ: – Eg har fått mitt første fanbrev

Verdsreddarane
Om du ikkje har lese nokre av bøkene til Simon Stranger, så bør du gjera det snarast! Bøkene Barsakhog og De som ikke finnes, er ein del av serien hans Verdensredderne. I førsteboka Barsakh, møter me Emilie ei vanleg norsk tenåringsjente – og Samuel, ein flyktning frå Ghana. Første del av boka vekslar mellom livet til Emilie, prega av kor opptatt ho er av korleis ho ser ut, kaloriar og jobbing på ferietur med familien på Gran Canaria – og Samuel si desperate flukt i ein overfylt båt drivande frå Afrika mot det lova landet. Emilie ser båten driva i land, og reddar fleire av dei overlevande i land. Boka er spennande, rørande, engasjerande og så aktuell det går an å bli i desse dagar.

I oppfølgjaren De som ikke finnes, får me vita endå meir om den brutalt fortvilande grunnen til at Samuel flykta – og følgjer han som papirlaus, uønskt og utnytta gjennom Europa. Kva gjer Emilie når Samuel dukkar opp på trappa hennar i Noreg?

God leseglede i påska!