NPK
NPK

Regjeringa har lagt fram eit lovforslag som vil gjere det lettare for elevar å velje skule over fylkesgrensene. Forslaget gir også rett til gjesteelevsgaranti.

– Viss ein elev vel skule i eit anna fylke og får plass, kan ikkje fylket eleven kjem frå seie nei til å betale for plassen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Lovforslaget vart lagt fram i statsråd fredag, og vil bli handsama av Stortinget no i vår.

No er det slik at for å få skuleplass i eit anna fylke, må eleven først ha ein garanti frå eige fylke om at dei er villige til å betale plassen. Dei fleste fylke gir i dag ein slik gjesteelevsgaranti i nokre utvalde tilfelle, men ikkje dersom eleven søkjer seg til eit tilbod som fylket sjølv har. Forslaget om friare skuleval inneber at elevane får rett til skuleplass i eit anna fylke finansiert frå heimfylket, også dersom heimfylket har tilsvarande tilbod.

– Det einaste som kan hindre eleven i å få plass i eit anna fylke, er viss det ikkje er ledige skuleplassar, og at gjesteeleven tar opp plassen til ein annan elev, seier Røe Isaksen.

Ei eventuell lovendring vil først få effekt ved opptak til skuleåret 2017/2018. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08
ANNONSE