Forskarar trur TV har gjort norske gutar dummare

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TV kan ha gjort gutar dummare

Forskarar meiner å ha funne ein samanheng mellom prestasjonane til norske gutar på Forsvarets «iq-test» på sesjon og tilgangen dei hadde på kabel-tv i barndommen.

– Vi fann ut at jo større auke i kabel-tv-dekning det hadde vore i kommunen, desto meir hadde iq-scoren falle for gutane, seier Øystein Hærnes, som er ein av forskarane bak studien frå Frischsenteret, til Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: Til kamp mot tv-vald

Utbygginga av kabel-tv-nettverket starta i Noreg på starten av 1980-talet. Forskarane meiner at «lettare underhaldning» på dei nye kanalane fortrengde andre aktivitetar som lesing, og at dette påverka dei kognitive evnene til gutar negativt. For kvart år med kabel-tv fell prestasjonane til gutane med 0,08 iq-poeng.

LES OGSÅ: Tjukk av actionfilmar

– Det kan verke som små tal, men dei fleste blir eksponert for tv-underhaldning over mange år, og det er veldig mange som blir eksponert. Då blir plutseleg tala ganske store, seier Hernæs.

Dei tre forskarane fann også at eitt år med kabel-tv-tilgang reduserer delen som fullfører vidaregåande med 0,3 prosent. Ein slik effekt finst berre hos gutar, ikkje jenter.

– Undersøkingar frå SSB viser at gutar les mindre når dei ser mykje på tv. Det er i mindre grad tilfellet med jenter. Vår hypotese er dermed at nedgangen i iq-poeng hos gutane kan kome av at dei rett og slett les mindre som følgje av tv-tittinga, seier Hernæs. 

LES OGSÅ: Virtuell natur gjer oss godt