Fleirtalet trur ikkje på Gud

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala kjem frå Norsk Monitors kartlegging av verdigrunnlag og haldningar, skriv Vårt Land. På spørsmålet «trur du på Gud?» svarte 39 prosent nei, medan 37 prosent svarte ja. 23 prosent av dei nesten 4.000 som har svart på undersøkinga, som blei sendt ut med posten, seier dei ikkje vet.

LES OGSÅ: Stor vekst i unge kristne

For to år sidan var det like mange truande som ikkje-truande. Då spørsmålet blei stilt for første gong i 1985, svarte heile 50 prosent at dei trudde på Gud, medan berre 20 prosent sa dei ikkje trudde.

Forskingssjef Jan-Paul Brekke i Ipsos, som har gjennomført undersøkinga, seier undersøkinga ikkje definerer kven Gud er.

– Det kan vere både den kristne gud, ein uavhengig gud, eller frå andre trussamfunn. Men sidan vi har stilt det same spørsmålet i 30 år, måler vi også den same uklarleiken kvart år, seier han. Det er ein del innvandrarar i materialet, men dei fleste av dei kjem frå vestlege religiøse tradisjonar.

– Vi har få muslimar med i materialet vårt, seier Brekke.

Dessutan viser undersøkinga at kvinner trur på Gud i større grad enn menn, og at gudstrua står sterkare blant dei eldre enn blant dei yngre. Med 29 prosent som trur på Gud, ligg Oslo lågast, medan Vest-Agder ligg høgast med sine 44 prosent. (©NPK)

LES OGSÅ: «Stopp diskrimineringa av homofile!»