Blir Ålesund nynorskby?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I nabokommunane til Ålesund er storparten nynorskbrukarar. Det er til saman fleire innbyggjarar i nabokommunane, enn i bokmålsregjerte Ålesund med sine rundt 46.000 innbyggjarar. Ikkje mange fleire – men nok til at politikarane har vorte samde om at nynorsk vert administrasjonsspråk i den nye kommunen, sjølv om ein vil leggja til rette for bokmål òg.

Småkommunane Hareid, Haram, Giske, Sykkylven, Skodje, Ørskog, Stordal, Sandøy og Sula har på si side gått med på å kalla den nye kommunen Ålesund.

Avtalen skal no til behandling i dei ulike kommunestyra, i tillegg til at det vert folkerøystingar og innbyggjarhøyringar.

DEBATT: «Få ungdommen med i kommunereforma!»

Målbyte i vidaregåande
Tysdag denne veka vitja kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner Fagerlia vidaregåande skule i Ålesund, som har sett seg inn i det store spørsmålet.

Ungdommen har delte meiningar om språkspørsmålet. Sjølv dei som vil ha nynorsken, er ikkje alle sikre på om det er så lurt.

– Korleis trur du språket i ein storkommune vil vere?

– Kreativt, svarar 17 år gamle Petter Alnes-Bonesmo.

Han vaks opp i Sykkylven, ein av nabokommunane til Ålesund, som planleggast å bli ein del av den nye storkommunen.

– Eg skreiv nynorsk i grunnskulen, men bytta over til bokmål då eg flytta til Ålesund for å gå på vidaregåande. Undervisninga er på bokmål, så eg tenkte det ville verte enklare.

–  Vart det enklare?

– Nei, det vart kanskje ikkje det. Eg ser det att på karakterane. Språket blir som sagt meir kreativt når ein blandar saman litt bokmål og litt nynorsk. Kreativt på ein negativ måte – det blir mykje rot. Det er best å halde seg til ein av delane, seier Petter.  

LES OGSÅ: – Slutt med å laga bon og engasjer dykk

Språkleg identitet
Kanskje er det best å halde seg til eitt skriftsspråk. Men kva av skriftsspråka vil skape minst forvirring og rot?

– Storparten av innbyggjarane i småkommunane skriv nynorsk allereie. Det er så å seie berre ålesundarane som ikkje gjer det i desse trakter. Språket handlar om identitet, og eg trur innbyggjarane i dei små kommunane vil miste litt av identiteten sin om nynorsken i den nye storkommunen forsvinn. Dei har jo allereie mista kommunegrensene sine, seier Christian Kapako.

Uansett kva som vert administrasjonsspråket i storkommunen, vil skulelevane framleis ha valet om å bruke det skriftsspråket som ligg dei nærast. Siril Ræstad frå Midsund, i Romsdal, har alltid skrive nynorsk. Då Siril skulle velje mellom bokmål og nynorsk då ho starta på vidaregåande i Ålesund vart valet enkelt.

– Skulen hadde ikkje nok nynorskbøker – eg kunne rett og slett ikkje halde fram med nynorsken.

– Trur du nynorsk vil bli det nye administrasjonsspråket i storkommunen?

– Nei, ikkje viss skulane ikkje har nok bøker til eit fåtal nynorskbrukarar i skulen. Det er ikkje vits å ha eit administrasjonsspråk som døyr ut, og det gjer det om ingen brukar det, seier Siril Ræstad.  

– Stakkars Ivar Aasen, legg Christian Kapako til.