Kven deler du mat med?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Færre skilsmisser med felles middag

 – Det vart forska mykje på betydinga av dei enkelte næringsstoffa, feitt, protein og karbohydrat. Så vart samansetninga på tallerkenen viktig – og når vi åt. Nyare forsking er opptatt av meir enn det biologiske og fysiske. Måltidet har ei historisk, kulturell og sosial betyding, mykje tett knytt til psykisk helse, trivsel og livsglede, seier professor i ernæring Knut-Inge Klepp til NTB.

LES OGSÅ: Nordmenn smuglar apekjøt

Tysdag skal han snakke om betydinga av måltidet for psykisk og fysisk helse på konferansen «Måltidsglede – sunt for alle» i Stavanger. Konferansen er ein del av arbeidet til regjeringa med ein tverrfagleg handlingsplan for kosthaldsområdet. Helse- og omsorgsministeren, landbruks- og matministeren og fiskeriministeren er vertskap.

Fakta på bordet
«Fordel energiinntaket rett på dei fire hovudmåltida». «Vel magre produkt på vekedagane og unn deg feitare variantar i helga». «Frukost er det viktigaste måltidet». Høyrt det før?

– Det er særleg forska mykje på frukosten, og mykje tyder på at dei som et frukost er sunnare enn dei som droppar han. Men det er ikkje nødvendigvis på grunn av frukostetinga. Det same gjeld regelmessige måltid. Det er meir ein tendens til at dei som et sunt, følgjer måltidsmønster, seier Klepp, som leier området for psykisk og fysisk helse ved Folkehelseinstituttet (FHI).

LES OGSÅ: – Eg sov ikkje, mista mensen og sovna på skulen

Han ser fram til å få meir forsking og fakta på bordet om måltid:

– Det er gjort mykje forsking på overvekt, underernæring, barn og eldre, men samla sett er det eitt område som er i startfasen: Måltid og helse.

– Kva veit vi så langt?

– Den store variasjonen i når og kva vi et, er spennande. Folk kan venne seg til å ete på dei mest utrulege måtar. Men i Noreg held vi veldig fast ved måltidstradisjonane. Den største endringa vår er nok innføringa av mellommåltid, særleg det mellom lunsj og middag.

Åleine-eting
Med ein aukande del åleinebuande i befolkning er det behov for å sjå på effekten av å ete mykje åleine, som det ikkje er forska nokpå. Klepp viser til ein studie for Norden, minus Island, som gir ein indeks for sunn eting:

– Studien viser at einslege et meir usunt og oftare ute enn andre gjer. Dette er spesielt tydeleg i Sverige og Finland.

Betydinga av å ete saman blir verdsett i Norden:

– Heilt frå barnehage- og skulealder brukar ein måltid som arena for å skape sosial trivsel. Det trur eg er veldig viktig seinare også, som fellesskap rundt måltid på arbeidsplassar og ved institusjonar, særleg med så mange som kanskje ikkje har andre måltid saman med nokon, seier Klepp.

Middag med far
Forskinga tyder også på ekteskap har godt av at begge foreldre, saman, et middag med barna. Økonomiprofessor Mari Rege ved Universitetet i Stavanger fann for nokre år sidan at deltaking frå far reduserte risikoen for skilsmisse:

– Vi var spesielt nysgjerrige på om ekteskap der far deltok meir i det praktiske omsorgsarbeidet varte lenger enn ekteskap der far tok liten eller ingen del i dette arbeidet. Vi var overraska då vi fann at tida til far i det praktiske omsorgsarbeidet ikkje såg ut til å spele nokon rolle for ekteskapet, og heller ikkje tida til far i leik med barnet. Den einaste tida saman med barnet som spelte nokon rolle for ekteskapet, var tida til far til å ete middag saman med barna og mor – og utan TV, seier Rege.

LES OGSÅ: Grønsaker er supermat