Unge gutar et for lite frukt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå undersøkinga «Helsevanar blant skuleelevar» vart lagt fram måndag. I spørjeundersøkinga frå Universitetet i Bergen opplyser 63 prosent av gutar i sjetteklasse at dei et frukt meir enn fem gonger i veka. Blant gutane i førsteklasse på vidaregåande er talet 36 prosent.

LES OGSÅ: Norske barn et ikkje sunt nok

– Vi anbefaler jo fem om dagen. At ein så stor del av ungdommen ikkje ein gong har fem i veka, er ille, seier Linda Granlund, doktor i ernæring og divisjonsdirektør i Helsedirektoratet. Ho peikar på at konsentrasjonsvanskar er ein av fleire kroppslege reaksjonar på dårlege etevanar.

– Jo eldre ungdommane blir, desto mindre kontroll har foreldra over kva barna deira et. Når foreldra misser makta over maten, er det heilt nødvendig at skulen kjem på bana, fortset Granlund.

I 2015 la Helsedirektoratet fram nye retningslinjer for skulemåltid. Der er betre tilbod av mat og drikke eitt av fire hovudpunkt.

Spørjeundersøkinga viser også at éin av fem gutar i tiandeklasse et godteri meir enn fem gonger i veka. (©NPK)

LES OGSÅ: Suksess med uperfekt frukt