– Om Bergen skal bli nynorskhovudstad, er det slike tiltak som trengst, seier Daniel Charles Hextall (SV).

mm

Opplærings- og helseutvalet i Hordaland vedtok torsdag å løyva 100.000 kroner til ei prosjektstilling som skal styrkja nynorsken i fylket.

Bergen Mållag, Hordaland Mållag og Noregs Mållag har òg sett av midlar til stillinga, som skal arbeida for at elevane held på nynorsk som hovudmål både gjennom ungdomsskule og vidaregåande. Ein av dei som var med på samrøystes vedtaket var Daniel Charles Hextall (SV) .

LES OGSÅ:Skule gjer lite for å hindra målbyte

–  Eg synest dette er veldig kult! Trass i at 30 av dei 33 kommunane i Hordaland er reine nynorskkommunar, der Bergen er nøytral, står nynorsken altfor svakt i Bergensregionen. Nynorsk er ikkje berre eit språk som blir brukt i dikt og av fylkesadministrasjonen, det er eit levande språk, som blir brukt av tusenvis av vestlendingar. Det er ein del av språkkulturen vår som er utryddingstruga. Ei slik prosjektstilling vil føra til at nynorsken kan få den heideren han fortener, seier  han til Framtida.no.

Leiar i Bergen Mållag, Nils Mæhle, er glad for støtta og tar sikte på at prosjektetstillinga vil vera i gang til 1. august.

LES OGSÅ: Her aukar talet på nynorskelevar

Stoppa forslag om å styrkja nynorsken
Onsdag, dagen før løyvinga, kom Terje Kollbotn med ein forslag, ein interpellasjon, i fylkestinget om å be fylkesrådmannen utarbeida eit forslag til handlingsplan for å styrka nynorsken både i forvaltninga, dei vidaregåande skulane og elles i Hordaland fylke.

Sidan forslaget blei fremja i møtet, måtte det ha 2/3 fleirtal. Framstegspartiet og Høgre sperra for forslaget og grunngav dette med at administrasjonen hadde nok å gjera.

Forslaget kjem no opp til handsaming i junimøtet, og er då venta å få fleirtal.

– I Hordaland fylkesting er det gjort vedtak om å arbeida for ein vestlandsregion, med Bergen som vestlandshovudstad. Då må det utviklast ein offensiv strategi for å styrka nynorsken både i Bergen og resten av Hordaland, seier Terje Kollbotn til Framtida.no.

Han meiner òg fleire fylkeskommunale selskap kan bli betre på bruk av nynorsk.

LES OGSÅ:Nynorskelevar får betre karakterar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE