Ifølgje NRK-plakaten skal minst 25 prosent av innhaldet frå statskanalen vere nynorsk.

I 2015 kunne NRK visa til 25 prosent nynorsk, når ein legg saman alle radio- og tv-kanalane med NRK.no.

– Me når ikkje 25 prosent i alle kanalar og på alle plattformer enno, men at snittet låg på 25 prosent i fjor, synest eg er flott.

Det skriver språksjef i NRK, Ragnhild Bjørge, i ein e-post til Framtida.no.

LES OGSÅ: Vert hetsa fordi ho bruker nynorsk i NRK

Eitt av fire program teksta på nynorsk
Språksjefen forklarar den gode utviklinga med at NRK har snakka mykje om nynorsk i det siste.

– Dei som tekstar filmar og fjernsynsprogram har gjort ein strålande jobb og teksta eit av fire program på nynorsk, det har sjølvsagt mykje å seia for sluttresultatet. Fleire distriktskontor har også arbeidd målretta for å få meir nynorsk på nettsidene dine, og slikt arbeid syner att i statistikken.

På tv er det særleg NRK2 (30 prosent) og NRK Super (26 prosent), som trekk opp nynorskdelen.

På radio er det NRK P1 og distriktskontora (29 prosent) og NRK P3 (26 prosent), som trekk nynorskdeelen oppover med bruk av nynorsk og dialektar.

(Sjå alle tala nedst i saka.)

LES OGSÅ: Krev framleis 25 prosent nynorsk i NRK

Super-satsing
Leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, synest det er gledeleg å sjå ei generell auke i nynorsk og dialektbruken på NRK.

– Eg vil spesielt trekkje fram NRK Super, som er veldig flinke. Det er viktig barn og unge får møta dialektmangfald. Me i Norsk Målungdom og Noregs Mållag har hatt møte med NRK Super, og sett at dei er positive og jobbar hardt for å få det til.

Ho trur at det at nynorsken vert meir synleg i NRK er med på å skape meir velvilje elles i samfunnet.

– Men dei treng ikkje stoppe på 25 prosent. Eit tal er eit tal, men det at ein ser at dialekt og nynorsk er eit gode, er viktigare å streva etter, meiner Sætre, som peikar på at NRK.no har ein veg å gå.

Berre 18 prosent av nettsakene publisert på NRK.no sine sider er på nynorsk.

–NRK.no kan bli enno betre. Dette er ein stad mange unge les nyheiter, difor bør ein freista å få meir nynorsk på nett, slår Sætre fast.

Den konklusjonen er språksjefen einig i.

– Her har me framleis ein jobb å gjera, og eg meiner at det er ein overkomeleg jobb.

Aller dårlegast ut kjem NRK P2, med berre 17 prosent nynorsk.

LES OGSÅ: Låg nynorskbruk på NRK.no

Nynorsk- og dialektbruken auka i alle kanalar i 2015. Diagram: NRK

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

Kommentarar

ANNONSE