mm

Det er ein oppgang på nesten 11 prosent frå det tidlegare rekordåret 2015. Det skriv politihøgskolen på nettsidene sine. Av søkarane i år hadde 4.522 Politihøgskolen som førsteprioritet. Også det er ein auke frå i fjor.

LES OGSÅ: Fekk politiet på døra på grunn av eit Facebook-bilete

– Vi er sjølvsagt fornøgde med høge søkartal – i år igjen. Dette betyr jo at politiutdanninga og politiyrket er attraktivt rett og slett, seier rektor Nina Skarpenes ved Politihøgskolen.

Sidan 2011 har talet på søkarar til politiutdanninga auka med nesten 70 prosent. Blant søkarane i år er nesten halvparten kvinner. Det gler rektoren på ein skule som har som mål å få minst 40 prosent kvinner i søkartala og opptaket.

– Ein framleis høg del kvinnelege søkarar er òg flott, seier Skarpenes. (©NPK)

LES OGSÅ: Rekordmange vil bli tollarar

Kommentarar

ANNONSE