Historisk energimontør

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Fjuken.

Eigentleg ville Pia-Karoline Øfeldt bli ambulansearbeidar. Etter eit halvår på helsefag vart ho umotivert og fann ut at det ikkje var noko for henne. Ho måtte finne seg ei ny yrkesretning å gå, og valet fall på elektrofaget.

LES OGSÅ: Arbeidsgjevarar vil ha fagbrev – ikkje master

Den 7. juli i fjor tok 19-åringen til som lærling som energimontør i Eidefoss. Her vart lomsjenta historisk. Pia-Karoline er nemleg den fyrste kvinnelege energimontøren i Eidefoss si 100 år lange historie.

– Det tykkjer eg sjølvsagt er morosamt, og eg tykkjer det er tøft av Eidefoss å tilsetje ei jente når dei aldri har gjort det før. Samstundes lurar eg litt på kvifor eg er den fyrste jenta. Eg tykkjer dette yrket er svært tøft, og skjønar rett og slett ikkje kvifor ikkje fleire jenter oppi her har gått denne vegen og hatt lærlingtida si i Eidefoss, seier ho.

Energimontørlærlingen har vorte godt motteke av kollegaene på basa i Lom.

LES OGSÅ: Foreldre påverkar skulevalet mest

– Karane er så greie for meg. Eg jobbar med utruleg dyktige karar. Det er motiverande å stå opp og reise på arbeid når ein veit ein har slike folk rundt seg som er så tolmodige og hjelpsame. Men når det er sagt trur eg at karane berre har godt av å endeleg få eit kvinnfolk å hanskast med, smiler Pia-Karoline.

Dette er eit utdrag frå reportasjen som sto på trykk i Fjuken 25. februar.

 
Pia har sin eigen garderobe. FOTO: TOM ERIK SOLSTAD 


På pauserommet er det god stemning. Dagen startar med morgonkaffe. Her saman med Inge Torkveen og Arnstein Sperstad. FOTO: TOM ERIK SOLSTAD 


Pia-Karoline Øfeldt tykkjer det er rart at ikkje fleire jenter vel energimontørfaget. FOTO: TOM ERIK SOLSTAD 

Faktaboks

Ein energimontør er en elektrofagarbeidar som arbeider med elektrisk energi frå den blir produsert på ein kraftstasjon til den når fram til forbrukarane.

Vanlege arbeidsoppgåver:

· vedlikehalde, montere og reparera det elektriske nettet, kablar og strømforsyningsanlegg

· stell og ettersyn for å hindra skadar på materiell

· feilsøking av elektriske anlegg og utstyr

· reise stolpar og leggje kablar

· montere lys- og signalanlegg, samt jobbe med reparasjonar og vedlikehald på jernbanevogner og andre sporvogner

Slik vert du energimontør:

Vg1 elektrofag

Vg2 elenergi

2,5 år opplæring i bedrift, før ein kan ta fagprøva

Kjelde: Utdanning.no