Forskarar har funne svinepest-genet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar har funne svinepest-genet

Den afrikanske svinepesten er ein svært smittsam virussjukdom, som ikkje angrip menneske, men kan vere livsfarleg for tamme grisar. Tidlegare forsking har knytt denne sårbarheita til eit visst gen, skriv Forskning.no.

LES OGSÅ: Blosom er den høgaste kua som har levd

Ville svin, som buksvin og afrikansk vortesvin, kan verte smitta av svinepest, men vert ikkje sjuke. Forskarane trur dei no har klart å overføre denne motstandskrafta til tamme svin.

Dei britiske forskarane håpar no at dei har fått til å redigere genar som gjer tamme svin motstandsdyktig, men dei veit enno ikkje om det fungerer.

Dersom planen til dei britiske forskarane fungerer kan dette vere eit forvarsel om kva som ventar i landbruket i framtida. I staden for å krysse dyr med fordelaktige eigenskapar, kan ein altså gjere spesifikke gen-endringar akkurat der det trengst. (©NPK)