By:Larms beste damer!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinnedelen på norske festivalscener og i radiokanalane er jamt over for låg. Denne helga er det klart for By:Larm i Oslo, ein bransjefestival som har markert seg som Nordens viktigaste scene for morgondagens artistar. Korleis står det til med jentene?

I år er 42 av 120 – 35 prosent – Bylarm-artistar anten kvinnelege soloartistar, jenteband, eller er ein duo beståande av begge kjønn.

Og kva passar vel betre med å varma opp til kvinnedagen 8.mars med å lytta til nokre av framtidas musikkstjerner?

LES OGSÅ: Speledame blant spelemenn

Ary
Nykommaren Ary har fått mykje merksemd etter at ho i fjor slapp debutsingelen «Higher». Ariadne Loinsworth er trønder med røter frå Trinidad. Ho vert omtalt som eit kjempetalent og skal visstnok produsera ein del av musikken sin sjølv.

I går delte ho nyheita om at ho har signert kontrakt med Petroleum Records og Toothfairy.

Ary speler torsdag klokka 22.30 på Rockefeller og natt til søndag 01.30 i «Drømmeteltet».

Dolores Haze
Dolores Haze er namnet på eit NY-basert feministisk klesmerke. I tillegg er dette det fulle namnet til romankarakteren Lolita, som er tittelen på Vladimir Nabokovs klassikar om ein vaksen mann si seksuelle utnytting av eit barn.

Den svenske jentegruppa skil seg ut, med ein sjanger som dei sjølv kallar «goth sex» og «diva couture». I tillegg er dei årets einaste jenteband.

Stockholms-musikarane har funky artistnamn som Groovy Nickz, Groovy Fuck, Lucky Lollo og Foxy Sagz.

Dolores Haze speler på Verkstedet torsdag klokka 00.30 og på John Dee klokka 00.00.

Bli med på LOUD – ein eigen band-leir for jenter!

Izabell
Söta syster har betydeleg fleire kvinnelege hip-hop-arar og rapparar å rutta med enn oss her i Noreg. Høyr berre på Linda Pira, Lilla Namo og Silvana Imam, som spelte på fjorårets By:Larm.

25 år gamle Benedicte Izabell Ekeland frå Stavanger er noko så sjeldan som ein norsk kvinneleg rappar. Endeleg!

Izabell speler på John Dee fredag klokka 11.30 og på P3 arrangementet på sentrum Scene laurdag klokka 13.00.

Dagny
Låta «Backbeat» har verkeleg skote fart på karrieren til London-baserte Dagny Norvoll Sandvik. Verda har nok ikkje sett det siste av Tromsø-artisten Dagny.

Dagny speler torsdag klokka 23.30 på Rockefeller og laurdag 22.30 i «Drømmeteltet».

LES OGSÅ: – Musikklivet er påfallande mannsdominert

Unnveig Aas
Folk-country-songaren Unnveig Aas har ei mørk og melankolsk stemme. I tillegg til musikken har ho gitt ut dikt på Flamme-forlag, så dette er ei dame som kan tekst.

Unnveig Aas speler torsdag klokka 20.30 på Verkstedet, fredag 20.30 på Uhørt og laurdag 21.30 på Uhørt.

Ida Stein
Og sist, men ikkje minst: Ida Stein. 22-åringen er den einaste jenta att blant dei fem Urørt-finalistane.

Vinnaren av NRK P3 sin musikkonkurranse vert kåra på Sentrum Scene frå klokka 20.00.