Speledame blant spelemenn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare i sommar rulla ein Toyota med fire musikarar inn på backstageparkeringa på Eidsbugarden i Jotunheimen tre timar før konsertstart. Bak rattet sit Kari Jahnsen – eller Farao – som ho kallar seg på scena. Med i bilen er hennar norsk-britiske band.

Dei London-baserte musikarane har køyrd frå Slottsfjell-festivalen i Tønsberg til Vinjerock i Vang –heimebane for Farao. 

26-åringen kjem frå Ulnes i Valdres, og dei tre fyrste åra jobba ho frivillig på festivalen, mellom anna som miljøsjef. I 2009 stod ho fyrste gong på scena, den gong med eit anna bandprosjekt.

Frå fjellheimen går vegen til meir urbane strok. Denne fredagen speler ho på Øyafestivalen i Oslo. 

Sjå musikkvideoen til «The Hours» her!

LES OGSÅ: Sjå alt frå Vinjerock!

Førsteplata
No har Farao verkeleg fått medvind under dei musikalske vengene etter å ha kome seg til finalen i årets Urørt med låta Tell a lie

Ho vonar at ho hadde kome dit ho er i dag òg utan talentkonkurransen, men trur nok det hadde teke lenger tid.

– Det er ein veldig fin plattform for ukjente band, som får høve til å verte Ukas Urørt og verte spelt på P3, seier Farao, som nyleg spelte inn si fyrste plate på Island, der ho til hausten skal spela på festivalen Iceland Airwaves. 

Men før den tid kjem spelejobbar på fleire store festivalar, som Malmöfestivalen og Green Man Festival i Wales. Det er ein travel sommar for musikarane.

LES OGSÅ: – Musikklivet er påfallande mannsdominert

Kvinneleg spelemann

På Vinjerock kjem bandansvarleg og deler ut adgangskorta med teksta spelemann på.  I år som fleire år før har mannsdominansen på norske festivalar fått kritikk. Farao, trekk opp kvinnedelen både i fjellet og byen. 

– Eg trur ikkje kvotering på festivalane er vegen å gå. Det har meir med å få jenter inn i musikken i ung alder, trur Kari, som sjølv har opplevd at det kan vere vanskeleg å finne eit musikkmiljø på ein liten stad.

I 15-årsalderen ville ho spele i band, men fann ikkje nokon å spele med.

– Det er nok diverre ei overvekt av gutar som speler i band. Eg trur det er viktig å få gutar og jenter til å spele saman tidleg, spesielt i tenåra. 

Sjølv lærte ho gitar på barneskulen og har sunge i kor heile oppveksta.

Sitt første band fekk ho først då ho som 19-åring starta på Trøndertun folkehøgskule. Seinare har ho funne seg til rette i musikkmiljøet i London. 

LES OGSÅ: Mennene dominerer radiomusikken

Klede eller ikkje klede
Kari Jahnsen har valt seg eit ganske så mannleg og majestetisk artistnamn. Det vart Farao, fordi ho tykkjer det er mektig, men òg fordi det er lett å hugse. 

Men korleis er det eigentleg å vere ung kvinneleg musikar i eit mannsdominert miljø? Razika har fortalt at dei stadig vert oppmoda til å kle meir av seg. Noko slikt press har Farao ikkje opplevd.

– Eg har ikkje latt nokon fortelje meg kva eg skal gjere. Hadde eg hatt lyst til å kle av meg, så hadde eg gjort det, seier Farao, som har inntrykk av at bransjen og pressa er meir oppteken av kjønnsdebatten enn musikarane sjølve.