– Musikklivet er påfallande mannsdominert

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no har den siste tida sett fokus på mannsdominans i norsk radiomusikk.

LES SAKA: – Gi meg éin mann som kan konkurrere med melismene mine

– Vi må endre måten vi snakkar og skriv om kvinner og musikk, sa debattredaktør i Fett, Charlotte Myrbråten til Framtida.no sist veke.

I helga blussa debatten om kjønnsbalanse i musikklivet opp på ny, då Spellemannsprisen vart arrangert. Blant dei 30 vinnarane av «Årets spellemann » er det berre tre kvinner som har motteke prisen. Silje Nergaard, som fekk prisen i 2003, uttala til VG at ho ikkje var imponert over kjønnsstatistikken for den gjevaste prisen.

Astrid Kvalbein er postdoktor ved Institutt for musikkvitskap, Universitet i Oslo, med klassisk musikk som spesialfelt. Ho ser den same ubalansen i det klassiske musikklandskapet.

– Det er påfallande kor mannsdominert musikklivet er. Jo høgare opp ein kjem i hierarkiet, jo færre kvinner finn ein. Døme er dirigentar og komponistar. I dag har Norsk komponistforening til dømes kring 10-12 prosent kvinner blant sine medlemmar. Oslo-Filharmonien går ofte ein heil sesong utan å ha ein kvinneleg dirigent, seier Kvalbein.

Ser potensiale i kvotering
Kvalbein meiner få er villige til å ansvar.

– I møte med folk som sit i maktposisjonar kan ein oppleve at ansvaret for ubalansen blir skyvd nedover. Når orkestera må forsvare kvifor dei ikkje hyrar kvinnelege dirigentar, svarar dei at desse ikkje finst. Når musikkhøgskulane må svare på kvifor dei utdannar så få kvinnelege dirigentar, svarar dei at kvinnene ikkje søker. Til sist kjem ein til ein debatt om rekruttering i Kulturskulen. Ein kan spørje seg om ikkje nokon lenger opp bør ta ansvar for å løfte fram førebilete, kvotere inn kvinner eller bruke andre verkemidlar for å betre balansen, seier Kvalbein.

LES OGSÅ: Mennene dominerer radiomusikken

Ofte har motargumentet mot kvotering i musikklivet vore at det vil overstyre den kunstneriske fridommen.

– Ein kan snu på det argumentet og sjå på kvotering som eit insentiv til å tenke annleis. Kvalitetskriteria som musikarar blir målt mot er ikkje kjønnsnøytrale. Tek ein ikkje det steget til sida som kvotering kan by på, ser ein kanskje ikkje alternative kvalitetskritetia som ikkje tek utgangspunkt i ein mannleg mal. Musikarar er ofte ikkje best i byrjinga av karriera, og korleis skal kvinner få sjansen til å bli like gode som menn, utan at dei får sjansen til å utvikle seg? Det skjer mykje uformell kvotering i musikklivet. Menn og gutar drikk øl med menn og gutar og inkluderer kvarandre. Då er det ikkje utenkjeleg at formelle verkemiddel kan hjelpe å gjere folk meir medvitne, seier ho.

Likestillingsprosjekt ut av statsbudsjettet
I 2012 gjekk fleire aktørar i musikklivet saman for å føreslå likestillingstiltak i bransjen. Prosjektet vart kalla Balansekunst, og kom i gong på oppmoding frå Kulturdepartementet. Mellom anna var Norsk jazzforum, Gramart, AKKS og Norges Musikkhøgskole del av arbeidsgruppa.

I årets budsjett for Kulturfondet er ikkje Balansekunst vidareført. I regjeringas tilleggsproposisjon heiter det at «Ordningen med særskilt tilskudd til likestillingsprosjekter på musikkområdet går ut».

Ifølgje kommunikasjonsdirektør i Norsk kulturråd, Janne Stang Dahl, har Kulturrådet i dag ingen konkrete prosjekt som har som mål å betre kjønnsbalansen i norsk musikkliv.

– Vi har ingen konkret definerte prosjekt som rettar seg mot å betre kjønnsbalansen, men Kulturrådet er oppteken av å sjå på kjønnsperspektivet i alle våre ordningar. Sjølv om ordninga er lagt ned, er det ikkje slik at ein ikkje lenger kan søke om prosjekttilskot med føremål om å fremje likestilling og betre kjønnsbalansen, skriv Stang Dahl i ein epost.

Når Kulturrådet vurderer desse søknadane vert det lagt hovudvekt på kunstnerisk kvalitet, ifølgje kommunikasjonsdirektøren.

– Det er mange prosjekt av høg kunstnerisk kvalitet og med eit kvinneperspektiv som har fått støtte frå andre ordningar, seier Stang Dahl og løftar fram det feministiske klubbkonseptet og bookingkollektivet Femme Brutal og festivalen Ladyfest som døme.

LES OGSÅ: Vil opne auga dine

Eit av tiltaka som arbeidsgruppa i Balansekunst-prosjektet føreslo, var å skape ei eiga støtteordning for å betre kjønnsbalansen. Den såkalla Likestillingsmillionen vart lansert under by:Larm i februar i fjor.

– Det har kome enormt mykje bra ut av fjorårets likestillingsmillion. Til dømes er Mamacita-prosjektet i full sving med konsertar og nettverksprosjekt for unge jenter i hip hop-miljøet, og Charlotte Myrbråtens prosjekt «Full pop» har problematisert kjønnsroller innan musikkritikk, artistpromotering og instrumentval gjennom konsertkveldar og debattar, skriv Stang Dahl.

Heller ikkje denne ordninga er vidareført i statsbudsjettet for 2014.

Les siste musikknytt her!