Men spelelista mi får du aldri…
Ofte stemmer ikkje musikken vi høyrer på med identiteten vår. Berre ei lita gruppe deler alle spelelistene sine.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vi vil ikkje dele musikken vår
Prosjektet «Sky & Scene: trender i musikkulturen» gav forskarane tilgang til strøymetenesta WiMP/Tidal, fortel Universitetet i Oslo på eigen nettstad. Forskarane fann mellom anna at 92 prosent av spelelistene folk opprettar i WiMP, ikkje blir delt.
MEIR FORSKING PÅ MUSIKK: Paradokset Beyoncé: Frigjerar eller undertrykkjar?
– Dette har overraska oss. Noko av det nye ved strøymetenester er at dei gjer det mogleg å dele musikk i større grad enn før. Nesten alle strøymetenestene har lagt til rette for deling. Men moglegheita blir sjeldan brukt. Folk ønskjer ikkje å dele musikksmaken sin med andre, uttaler førsteamanuensis ved Institutt for medium og kommunikasjon ved UiO, Arnt Maasø.
Han har leidd forskingsprosjektet saman med professor Anne Danielsen ved Institutt for musikkvitskap.
LES OGSÅ: Mennesket er avhengig av rytme
– Nokre gonger er det ikkje heilt samsvar mellom den musikken som blir opplevd som kjenslemessig sterk og vekkjer sterke personlege minne, og den identiteten ein ønskjer å signalisere offentleg. Då trur eg det fort kan ende med at ein ikkje deler, for å beskytte sitt personlege rom, seier Danielsen.
Prosjektet viser også at dei som vel å dele musikk, har ei stor grad av sosial bevisstheit rundt kva dei deler og ikkje. Berre ei lita gruppe deler all musikken dei høyrer på, ifølgje undersøkingane ved UiO.