Manglar elevar til læreplassar i akvakultur

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Manglar elevar til læreplassar

Fitjarbuen Henriette Tranøy går på akvakultur på Austevoll. Ho byrja med naturbruk og valde akvakultur andreåret.

Fire dagar i veka pendlar ho med ferje og buss til og frå skulen. Kvar onsdag har ho praksis som røktar hos Engesund Fiskeoppdrett, ein liten 10-minuttars båttur frå Fitjar. Det har òg gjeve ho helgearbeid og ho har fått lovnad om læreplass.

– Det er veldig sosialt og ein kjekk og liten skule. Alle kjenner alle, fortel ho.

No er dei 6-7 stykke som pendlar frå Stord og Fitjar til skulen.

– Det var tungt i starten. Du kjem seint heim. Men du blir vant med det, seier ho.

LES OGSÅ: Ventar fleire søkjarar til akvakultur

Bur på hybel

Gøran Breivik Habbestad frå Stord tar andreåret på Austevoll på fiske og fangst-linja. Han har ikkje fått læreplass enno, men var på intervju hos opplæringskontoret tidlegare i veka.

– Eg har ikkje bestemt meg for ein spesiell båt, men håpar på å koma på ein linebåt eller trålar.

I år bur han på hybel ute på Austevoll.

– Det er veldig godt miljø her og veldig sosialt. I fjor når eg gjekk naturbruk pendla eg frå Leirvik til Austevoll. Eg måtte stå opp litt tidlegare, men det gjekk greitt. Så samla som regel gjengen som pendla frå Stord-sida seg på ferja å spelte kort eller noko, fortel han.

LES OGSÅ: Fleire vel akvakultur

Fleire fylke manglar elevar

Kjell Kolbeinsvik, dagleg leiar ved Opplæringskontoret i Austevoll, seier at det er balanse mellom talet på elevar og læreplassar i akvakultur i Hordaland. Men i andre fylke er det mangel på elevar får Framtida.no vita.

Det er litt vanskelegare å få læreplass i Hordaland innan fiske og fangst, men nord i Nordland blir det meldt om mangel på elevar til læreplassane, fortel Kolbeinstveit.

Nils Arve Eidsheim ved Sjøtroll Lerøy i Austevoll fortel at dei har inne 22 lærlingar no, og vil ta inn 10 lærlingar over sommaren. Han trur ikkje dei vil utvida med det første.

– Det har med kapasiteten vår. Med det talet me har no, så klarer me å kvalitetssikra ei god opplæring, seier han.

Hans-Inge Algrøy, regionsjef i Vestnorsk havbrukslag, fortel om ein stor vilje i næringa til å ta i mot lærlingar og behov for nyrekruttering.

Bremnes Seashore lenger sør i Hordaland, har 300 tilsette, men ingen lærlingar i Hordaland og to i Rogaland innanfor akvakultur. HR-sjef Anne Marie Meling fortel at pågangen på læreplass hos dei har vore liten, men stadfestar at dei har plass viss nokon søkjer. Ho seier dei ser etter å setja saman fleirfaglege arbeidsgrupper og fortel at dei i dag har ein lærling i automasjon i Hordaland.

LES OGSÅ: Skule med eige oppdrettsanlegg

Faktaboks

Akvakultur er ei vidaregåande utdanning ein kan ta etter at ein har tatt VG1 Naturbruk.
Etter eitt år med VG2 Akvakultur, så kan ein søkja om å bli lærling, eller ta påbygg eller ta studieførebuande naturbruk som VG3.