Hobbyfiskarar trugar torsken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje miljøgifter, utanlandske sportsfiskarar eller yrkesfiskarar som trugar den pressa torskebestanden, men fritidsfiske, skriv Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: Fanga 16,5 klios torsk med harpun

Havforskingsinstituttet har sidan 2005 fanga 9.729 torsk langs kysten av Aust-Agder og merka dei med dusørmerker verdt 5.000 eller 50 kroner – og så sleppt dei ut att.

Forskarane konkluderer med utgangspunkt i gjenfangstane at 67 prosent av den merka torsken døyr kvart år. 44 prosent av torskedøden er naturleg, men 56 prosent at torsken blir fiska og eten.

Fritidsfiske står for 73 prosent av dei samla fiskefangstane i sør, syner rapporten.

LES OGSÅ: Plukka 250 kilo torsk opp frå havet med hendene

Havforskar Alf Ring Kleiven seier at Noreg har liten tradisjon for å hente inn denne type fangstdata, men at dei har fått i oppdrag frå Fiskeridirektoratet om å oppdatere status og gi råd om fangstuttak.

– Det står dårleg til, særskilt i Indre Skagerrak frå Telemark til Østfold. Det har vore ein nedgåande trend i mange år, seier Kleiven til DN.

Ein auke i minstemålet er eit mogleg tiltak, men undersøkingane som er gjort syner at få er klar over at det allereie eksisterer eit minstemål. Verning av gyteområde og innføring av fredingstid kan også vere ei moglegheit.

– Å få på plass rutinemessig innsamling av data frå fritidsfisket langs norskekysten vil vere heilt essensielt for å få ei god og treffsikker forvaltning, seier Kleiven. (©NPK)

LES OGSÅ: Klimaendringane pressar fisken nordover