Klimaendringane pressar fisken nordover

Klimaendringane har gitt store fiskeartar som torsk betre leveforhold i det nordlege Barentshavet, men arktiske artar taklar ikkje høgare temperaturar like godt, viser ein ny studie.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fisken blir pressa nordover

Forskarar ved Havforskingsinstituttet og Universitetet i Tromsø har saman med russiske forskarar undersøkt leveforholda for fisk i Barentshavet i perioden 2004 til 2012.

I denne perioden auka botntemperaturen i området med nesten 1 grad, noko som har ført store fiskeartar som torsk og hyse nordover raskare enn anteke, skriv to av forskarane i ein kronikk i Aftenposten.

LES OGSÅ: Vi veit for lite om arktiske fisk

FNs klimapanel anslo i 2014 at marine fiskeartar, altså fisk som lever i havet, flyttar seg med omtrent 40 kilometer kvart tiår. Ifølgje forskarane flyttar fisken i Barentshavet seg opp til fire gonger så raskt.

For dei store fiskeartane har mattilgangen i det nordlege Barentshavet blitt betre, medan dei mindre arktiske artane har fått meir konkurranse om maten.

– Det er venta at dette kan gje seg utslag i at nokre arktiske fiskeartar, som for eksempel polarringbuk, forsvinn frå dei nordlegaste områda våre, skriv forskarane.

Studien vart publisert i Nature Climate Changedenne veka. (©NPK)

LES OGSÅ: Folk er meir uroa over klimaet